Hopp til innhold

Bygdefolket rasande over planane om oppdrettsanlegg

I kveld møtte innbyggjarane på Brandal mannssterke opp for å seie dei høglydte meiningane sine om det planlagde oppdrettsanlegget.

I kveld møtte innbyggjarane på Brandal mannsterke opp for å seie dei høglydte meiningane sine om det planlagde oppdrettsanlegget.

Det var rundt 150 frammøtte på folkemøte og stemninga var til tider hissig.

Salmar ynskjer å etablere eit anlegg som skal dekke rundt to kilometer av den knappe 5 kilometer lange fjorden ved Brandal i Hareid. No har dei søkt om dispensasjon frå kommuneplanen i Hareid.

Bygdefolket er uroa og ynskjer ikkje oppdrettsanlegget velkome. I dag inviterte Hareid kommune til folkemøte og salen var fylt til randa med 150 frammøtte. Temperaturen var svært høg og mykje raseri fylte lufta.

Oppdrett på Brandal

Her vil oppdrettsanlegget kome dersom Salmar får det godkjent.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ingen vil ha det

Roger Korsnes er fiskar og sterkt engasjert mot etableringa.

– Nesten alle lag og organisasjonar har gått imot heile anlegget på Brandal. Det er ingen vilje for å ha anlegget, seier Korsnes.

Opprinnleg var det eit torskeanalegg i området som gjekk konkurs. I fleire år har området ligge brakk. No søkjer Salmar om å få omgjort løyvet til lakseoppdrett. Dei har også søkt om dispensasjon fordi deira anlegg vert mykje større.

Det bygdefolket er sinte for er at dei meiner at oppdrettslaget tar frå dei dei beste fiskeplassane og hummarplassane. Dei meiner også at anlegget vil hindre fri ferdsel i strandsona.

Sint på ordføraren

Finn Sindre Eliassen er rasande. Den han er aller mest sint på er ikkje Salmar, men på kommunen og ordføraren som har fortalt dei at det er mogleg å etablere seg i Brandal og ikkje informert om bygdefolket sin sterke motstand.

– Vi er glade i nye arbeidsplassar, men eit oppdrettsanlegg skaper ikkje det. Det er to mann som er ute i ein båt, seier Eliassen. Også fylkeskommunen får kritikk frå folket.

Kan ikkje hindre søknad

Ordførar Anders Riise (H) seier at kommunen har lagt til rette for dette møtet, slik at dei som søkjer skal få kome til orde og at bygdefolket skal få seie sitt.

Arbeidet med kommuneplanen starta i 2009 og sidan 2012 har arealet vore sett av til aqualkultur. Han meiner at bygdefolket burde ha protestert tidlegare og seier at dei har sove i timen.

– Vi kan ikkje hindre nokon i å søkje på godkjent lokalitet, seier Riise.

Engasjementet gjer inntrykk

Ingjarl Skarvøy, som er dagleg leiar i Salmar Rauma opplevde å bli skulda for å hale ut tida då han la fram planane for anlegget. Ordføraren truga med å avslutte møtet. Skarvøy seier dei vil vurdere den vidare prosessen.

– Det gjer inntrykk at vi får så sterk motstand, men vi er skuffa over at folk ikkje ser den positive verknaden av å etablere eit anlegg her, seier Skarvøy.

Han meiner at det vil skape arbeidsplassar på Brandal.