Hopp til innhold

Botten på topp

Av dei 26 lokallaga i Møre og Romsdal Arbeidarparti som har kome med forslag til stortingsvalliste, har 21 foreslått Else May Botten på topp. Tre av lokallaga vil ha Tove Lise Torve som førstekandidat medan to har foreslått Smøla-ordførar Roger Osen. Laurdag gjekk eit fleirtal i nominasjonsnemnda inn for Botten som førstekandidat, men eitt av medlemmene i nemnda tok dissens og foreslo Torve. Arbeidarpatiet har nominasjonsmøte 22.oktober.

Else May Botten
Foto: Line Tomter / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL