Den albanske familien Kajolli har site i kyrkjeasyl i Tingvoll sidan 2001, og biskopen har tidlegare bedt Utlendingsnemnda om at dei må få bli. Familien fekk likevel avslag på søknaden om fast opphaldsløyve. Men i går blei det klart at alle asylfamilier med barn som har vore i landet i over tre år, får saka si behandla på nytt. Eit samla Storting gjekk inn for at omsynet til barna skal vege tyngst, og at Utlendingsnemda skal legge vekt på det barna seier.
Glede
Bondevik gler seg over at familien Kajolli får saka si prøvd på nytt. Han blei engasjert i familien etter at han blei direkte kontakta om saka. Bondevik støttar Stortinget i at det no er omsynet til barna som må telje, og han håpar no at det ikkje går prestisje i saka. Bondevik har ikkje avgjort om han vil eller kan foreta seg noko for å prøve å påverke utfallet i Utlendingsnemda.