Hopp til innhold

Den tredje våtaste sommaren sidan 50-talet fører til problem for bønder

Medan bønder på Austlandet kan fryde seg med ein god sommar, ventar framleis nokre bønder i Møre og Romsdal på å bli ferdig med førsteslåtten.

– I dei 25 åra eg har lagt bak meg som bonde har eg aldri opplevd ein sommar med så mykje nedbør, seier fylkesleiar for Noregs Bondelag, Konrad Kongshaug.

På Skarset i Hustadvika merkar bøndene godt at det har vore vått. Kyrne vassar med gjørme opp til knea. Traktoren står på vent.

Våt sommar for bøndene på Eide

GJØRMETE: Bonde Hilde Kjersem Kolberg håper dei får ein betre andreslått enn førsteslåtten i år.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er trist å sjå korleis her ser ut no. Til vanleg er det tørt og fint, seier bonde Hilde Kjersem Kolberg.

Og når sola ein sjeldan gong gløttar, set dei ikkje av tid for siesta. Då er det full gass for å gjere så mykje som mogleg i løpet av dagen.

Likevel er det 40 mål som ikkje har blitt tatt under førsteslåtten på romsdalsgarden. Til vanleg er førsteslåtten ferdig seinast i starten i av juli.

Brunt gras 2

Det er her bøndene ikkje har fått tatt førsteslåtten enno.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Å ikkje vere ferdig med førsteslåtten, når vi eigentleg hadde starta andreslåtten på denne tida, er veldig spesielt, fortel Kolberg.

Sjeldan vore våtare

Varmerekordar i Nord-Noreg, ein historisk varm sommar i Storbritannia, tørke i Sør-Noreg og flotte forhold på Austlandet. Ein kunne trudd Nordvestlandet var ein enklave der alt regnet oppheldt seg.

Det har ikkje vore ein så våt sommar på fleire tiår i delar av Møre og Romsdal.

Kyr

Kyrne har måtte godtatt at det er blaute forhold i år.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Målestasjonen Eide på Nordmøre har så langt målt 285,3 millimeter regn i juli. Berre i 1952 og 1971 viste målestasjon ei høgare mengde nedbør. Då med høvesvis 298 og 285,5 mm regn.

– Nedbørsmengdene kjem på grunn av lågtrykket frå vest, som nesten aldri har tatt pausar i år. Difor har det i Midt-Noreg vore jamt og trutt med «pissregn», forklarar statsmeteorolog Pernille Borander.

Andre stadar i landet er det også store problem. Tørkeskadar øydelegg store avlingar for fleire bønder i Vestfold og Telemark.

I Nome og Midt-Telemark er innmelde avlingsskadar blitt firedobla den siste veka.

– Det er nok mange fleire som får reduserte avlingar i år, fortel Dag Gjermund Roheim frå landbrukskontoret i Nome og Midt-Telemark.

Dag Gjermund Roheim

Dag Gjermund Roheim i ein havreåker med tørkeskadar.

Foto: Ragnar Lurås / NRK

Tilleggsbelastning for belasta næring

Far til Hilde, Harald Oscar Kjersem, har drive garden sidan 1991, og har vore vand til mykje regn på Nordvestlandet.

– Men i år er det spesielt. Vi har ikkje hatt noko tørkeperiodar.

Bonde-gjengen

Hilde Kjersem Kolberg, Harald Oscar Kjersem og Thomas Kolberg driftar garden i lag.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Når marka er blaut, bør ein ikkje drive med jordarbeid. Det kan føre til langvarige skader på jorda.

Konrad Kongshaug er redd for at den kritiske situasjonen kan bli ei krise viss ikkje vêrbildet snur seg.

– Då vil det få konsekvensar for neste års avlingar, også.

Bondelagsleiar MR

Fylkeslagsleiar i Noregs Bondelag, Konrad Kongshaug, ville heller hatt det litt for tørt som i Agder, enn så vått som i år.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

I tillegg til verre avlingar neste år, kan årets produksjon bli så dårleg at bøndene må kjøpe kraftfôr utanfrå. Det kan bli ein tung kostnad for bønder som allereie slit økonomisk.

– Eg er bekymra for at dette gir ei ekstra belastning for ei næring som lenge har slite med svak økonomi. Utviklinga bekymrar meg, seier Kongshaug.

Tek situasjonen med eit smil

Med 280 storfe å ta vare på, der 60 er mjølkekyr, tek Hilde Kjersem Kolberg det roleg sjølv om dei ikkje er i mål med førsteslåtten.

Bønder og kyr

Bøndene kikar på dei stakkars dyra sine.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Har de håp for at det kjem til å gå bra då?

Vi er optimistar, så vi håper det kjem eit høgtrykk hit og at alt går bra.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL