Hopp til innhold

Dette blinkskotet sikra 14-åring internasjonal fotopris

Sander Lødøen (14) frå Valldal kom på 2. plass i ein av verdas mest prestisjefulle naturfotokonkurransar.

Havørn

Fleire prisvinnande naturfotografar meiner Sander (14) sitt bilde av havørna held verdsklasse.

Foto: Sander Lødøen

Det vart dermed ei norsk topplassering i konkurransen, som vert arrangert av Natural History Museum i London og BBC Worldwide, med bidrag frå heile 96 land.

– Det er heilt fantastisk bra å ta 2. plass i ein så stor konkurranse, seier ein stolt Sander Lødøen.

Sander Lødøen

Sander Lødøen vann 2.-plassen i klassa for unge naturfoografar. Det kom inn 43.000 bidrag i konkurransen.

Foto: Vegard Lødøen

Han håpte sjølvsagt å vinne, men er slett ikkje skuffa. Då han tok bilete av havørna, forsto han at det var heilt unikt. Naturfotografar som har vunne prisar skrytte av fotoet hans.

Dei meinte at dette var i verdsklasse og at det kunne nå langt i konkurransen. For Sander var det spesielt å sitje i salen og få presentert havørna på storskjerm framfor alle folka.

Stolt pappa

Også pappa Vegard Lødøen er stolt.

– Dette er som å vinne ein Oscar, seier Vegard Lødøen. Han synest det er kjekt at sonen har same hobby som han sjølv og at dei kan dra på turar for å ta bilete. No vert familien vert verande i London til fredag.

Sander håper at han klarer hevde seg i verdas største naturfotokonkurranse neste år også.

– Eg har nokre bilete på lur, seier 14-åringen.

14-åringen er ein ihuga naturfotograf og sendte inn biletet av havørna i konkurranse med 43 000 andre.

Det var i kategorien «Young Wildlife Photographer» at Lødøen (13) stakk av med 2.-plassen. Pål Hermansen frå Siggerud utanfor Oslo fekk pris då han vann klassa «Urban Wildlife».

Saka held fram under bildet

Sander Lødøen

Det var ein stolt prisvinnar som kunne stille seg opp på podiet og ta imot heideren. – Heilt fantastisk, seier Sander Lødøen (13).

Foto: Vegard Lødøen

Dyrebilde er favoritten

Sander Lødøen var berre åtte-ni år då han starta å ta naturbilete saman med faren sin

– Eg likar best å ta bilete av dyr, slik som ørn, tiur, hjort og rådyr, sa Sander til NRK i fjor då han sendte inn biletet til fotokonkurransen. Han gjesta også NRK-programmet Lindmo og fortalde om hobbyen sin.

Sjå Sander i talkshowet her: nbsp; NRK TV - Lindmo - 18.05.2012

Sidan pappa er ein ihuga hobbyfotograf, får Sander låne alt han vil av kamera og utstyr.

Dei to dreg gjerne ut på kalde teltturar for å finne dei beste fotomotiva. 14-åringen likar å ta bilete av dyr i rørsle, og det er ikkje enkelt.

Utstilling

No vil havørna hans vere midtpunkt for ei utstilling som opnar 18. oktober på Natural History Museum i London, saman med dei andre vinnarane.

Etter premiera i London skal utstillinga ut på ein britisk og internasjonal turné, der millionar av folk frå heile verda får sjå bileta.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL