Hopp til innhold

Den gløymde barnestjernas oppreising

Bjørn Tomren vann Stjernekamp med jodling. Med det slutta han ein ring som går heilt tilbake til 1942 – som det tok lang tid før Tomren sjølv var klar over.

Bjørn Tomren har med seg Heine Bugge i finalen. Sammen er de jodle-. og trekkspillduoen Polkabjørn og Kleine Heine.

VANN NOREG: Polkabjørn Tomren og Kleine Heine i finalen av Stjernekamp.

Foto: Helene Amlie / NRK

– Hei Polkabjørn! Kva forhold har du til «Det lille Tyrolerfenomenet» Odd Pedersen?

– Du, han kom faktisk på konsert med Kleine Heine og meg ein gong.

Bjørn Tomren er ikkje kjent for dei lengste svara. Om Odd Pedersen pratar han i 20 minutt.

Bjørn Tomren og Romsdalshorn på koreansk frimerke

SØR-KOREA: Jodling i Noreg er marginalt. Men ikkje mindre enn at Stjernekamp-vinnaren Bjørn Tomren og fjellet Romsdalshorn hamna på eit jodle-frimerke i Sør-Korea etter ein jodlefestival i 2019.

Foto: Privat

Jens Book-Jenssen

Det er over ti år sidan Polkabjørn og Kleine Heine vitja TV-show med «Jeg er fra Romsdalen, Norges Tyrol». Opptredande gav mange ei aha-oppleving, og duoen blei hyra inn som oppvarming på ein av avskjedsturneane til A-ha.

– No skal me dra ein gamal slager som var umåteleg populær blant ungdomen i nittenfirtito, pleidde Kleine Heine å introdusere låten.

Ein vits, tenkte nok mange. Som så mykje anna ved denne duoen. Men så langt ifrå.

Polkabjørn og Kleine Heine på Egertorget 2010

JODLING PÅ NORSK: Polkabjørn og Kleine Heine varma opp til oppvarming for A-ha med å spele for hatten på Egertorget i Oslo.

Foto: Linn Cathrin Olsen / NTB

Sjølvaste slagerkongen Jens Book-Jenssen skreiv jodlervalsen «Jeg er fra Romsdalen, Norges Tyrol» i 1942. Ei austerriksk referanselåt midt under krigen. Rett etter at ein austerriksk hærførar hadde okkupert Noreg og forsøkt å bombe kong Haakon i Romsdalen.

«Ein liten jodlegut»

Jens Book-Jenssen var ingen fan av Hitler. Under krigen sleit norske artistar. Den populære jazzmusikken blei kraftig sensurert, omtala som «swingpjatt». Jødisk musikk blei totalforbode. Det same blei alle tekstar med hint av nazikritikk.

Book Jenssens 1942 (Ny)

NESTOREN: Jens Book-Jenssen var sentral i skapinga av stjerner som Carsten Byhring, Arve Opsahl og låtsmedane Kurt Foss og Reidar Bø. Og den norske jodlinga.

Foto: FAKSIMILE ROMSDALS BUDSTIKKE 01.10.1942

Men – kanskje litt overraskande – musikalske revyshow reiste rundt i Noreg under heile krigen. Helst med Book-Jenssen i spissen. I blant krangla han med NS-toppar. Oftare plukka han opp talent.

Da turneen i 1942 kom til Molde, reiste 12 år gamle Odd Pedersen over fjorden frå Vestnes. Der jodla han for «Book’n». Pedersen fortalde sjølv om hendinga til NRK i 1990:

– Det gjekk bra, så eg fekk bli med på den turneen vidare nordover, fortalde han.

Odd Pedersen blei ein liten sensasjon.

Mesterjodleren på Vestnes

FENOMENET: 12 år gamle Odd Pedersen jodla slik ingen i Noreg hadde høyrt før.

Foto: Faksimile: Bygdebladet

Det blei 38 framsyningar rundt i Noreg, og toppa seg i Oslo hausten 1942. Aftenposten meldte om stor stemning på St. Hanshaugen, der 10.000 tilskodarar hadde tatt turen.

«På turneen hadde Book-Jenssen oppdaga en liten jodlergutt, Odd Pedersen fra Vestnes i Romsdalen. Vi har ikke tidligere hørt noen som tilnærmelsesvis har kunnet jodle som ham», skreiv avisa.

– Han syntest det var storveis å reise rundt. Han fekk skule på hotellromma, fortel Siren Maarnes Halvorsen, dotter av Odd Pedersen.

Hatt og kaninar

Eit krigsherja Noreg var klar for jodling. Plata med «Jeg er fra Romsdalen» og «Ekko i Romsdalshorn» blei ein stor suksess.

Platecover Jens Book-Jenssen Norges Tyrol
Foto: Privat

Men Odd Pedersen blei ikkje rik. I NRK-intervjuet fortel han at han under krigen fekk avkastning på jodlinga ved å gå rundt på gardar for å kjøpe egg.

I tillegg blei han ein gong beden om å jodle på ein stol på Kaffistova i Molde. Da blei det samla inn 40 kroner i hatten. Samt to kaninar som formerte seg til tjue stykk. Ein nyttig tilvekst til kosten.

Etter krigen la han opp som jodlar, drog til sjøs og busette seg i Bergen. I 2015 døydde barnestjerna.

Etterlysninger

ETTERLYSING: Opp gjennom åra spurte fleire lesarinnlegg i avisene etter jodleguten i avisene. Men Odd Pedersen opptredde berre for familien.

Foto: Faksimile Arbeiderbladet 1975

Ferjetur med jodling

Ein dag rundt 1996 høyrde unge Bjørn Tomren jodling på radioen på ferja mellom Vestnes og Molde. Det var «Jeg er fra Romsdalen, Norges Tyrol» med Odd Pedersen.

– Eg klarte ikkje slutte å flire. Det var så komisk heile uttrykket. Så blei eg samtidig fascinert, for eg hadde nesten aldri høyrt musikk frå vår region før, fortel Tomren.

Snart lærte han seg å jodle og tok namnet Polkabjørn. Fleire år etter at Tomren gjorde Romsdal-jodlelåtene til sine signaturar, fann han ut noko om barnestjerna frå 1942.

– Odd Pedersen, som eg hadde høyrt på i mange år, vekste opp i Vestnes. Da blei eg veldig overraska!, seier Tomren.

Berre 9,5 kilometer frå hans eigen barndomsheim.

Vestnes badet i høstfarger, omkranset av sjøen.

VESTNES: Både Bjørn Tomren og Odd Pedersen vekste opp i denne kommunen.

Foto: Zbigniew "Ziggi" Wantuch / Zbigniew "Ziggi" Wantuch

Klump i halsen

Polkabjørn spora opp den rette av dei mange Odd Pedersen rundt i landet, og inviterte han på konsert på Wesselstuen i Bergen. Ekssjømannen tok med seg dottera si.

Eit smekkfullt lokale med unge menneske og studentar møtte dei. Snart runga «Jeg er fra Romsdalen, Norges Tyrol» frå scena.

– Etter låten sa Bjørn Tomren: «Dette er ikkje min song, men han som gjorde den kjent sit i lokalet». Så spelte han originalen, medan dei unge jubla til far. Eg blei kjempestolt. Eg får klump i halsen når eg snakkar om det no, seier dottera til Noregs første jodlefenomen.


Les også: Jodle-ekspertanes dom over Stjernekamp-Bjørn