Bjørn Tomren på generalprøven for Stjernekamp, 18. september 2021.

Bjørn Tomren har vore ei overrasking på Stjernekamp. Han har bergtatt publikum med både strupesong og jodling.

Foto: Julia Marie Naglestad

Mystiske Bjørn

Kva er det med den fåmælte jodlaren og strupesongaren som gjer at folk har falt pladask for han?

Bjørn Tomren gjespar og gnir seg i auga. Sirkuslivet tar på for ein småbarnsfar.

– Eg lever eigentleg eit kjedeleg liv. Eller det er ikkje kjedeleg for meg då, seier 40-åringen frå den vesle bygda Tomrefjord i Romsdal.

Han har blitt landets nye yndling etter at han vann musikkprogrammet Stjernekamp. I veke etter veke har han imponert både dommarar og publikum med sin djupe bass og særeigne stil. Og sin ordknappe veremåte og steinansikt.

Men kjedeleg liv er så langt frå sanninga som ein kan kome. Bjørn Tomren har varma opp for A-ha med jodling og trekkspel i duoen Kleine Heine og Polkabjørn. Han har opptredd med verdas beste strupesong-band og han har på fire ulike måtar forsert Noreg på langs. Han har padla, rodd, gått til fots og på ski.

Og han er ein liten lystløgnar, skal vi tru dei som står han nær.

Bjørn Tomren då han rodde Noreg på langs.

Bjørn Tomren rodde Noreg på langs i 2015. Han starta frå Nordkapp og hadde meg seg fleire gjesteroarar på turen til Lindesnes. Han har også utført same turen padlande, til fots og på ski.

Foto: Privat

Skrøner om alt

– Det har ikkje vore råd å tru på eit einaste ord av det Bjørn seier. Han elskar å sette ut folk og kødde, ler bestekompisen Hallvar Djupvik. Sjølv er han operasongar og storebror til fjorårets Stjernekamp-vinnar, Knut Marius Djupvik. Operasongaren har kjent Bjørn Tomren heile livet.

Plakat av dansebandet til Bjørn Tomren og Hallvar Djupvik, Bjørn Hallvars

Bjørn Tomren og Hallvar Djupvik reiste rundt på samfunnshus og spelte til dans med bandet Bjørn Hallvars tidleg på 2000-talet. I dag har dei tre band saman.

Foto: Webjørn Espeland / NRK

Hallvar innrømmer at han først ikkje visste om Stjernekampdeltakinga til Bjørn berre var nok ein spøk.

Ifylgje kompisen kan Bjørn dikte opp morosame historier om tanter og onklar han ikkje har, eller han kan skrøne om heilt uviktige ting.

Eller han kan lure lokalavisa. No sist var det Vestnesavisa som gjekk på limpinnen, då Bjørn skrøna om at han skulle synge songen «Ungen hekje puls, men på Vestnes-dagane skal vi same faen» på Stjernekamp.

– Ein av mine kjære medarbeidarar var ikkje kritisk nok, haukflirar redaktør Torstein Sønstabø. Han veit at når han skal intervjue Bjørn Tomren gjeld det å halde tunga beint i munnen. Det er umogleg å vite kva som er fleip eller fakta.

Og kanskje er det den elleville humoren som har tatt Tomren dit han er i dag?

Jodlinga starta nemleg som ein spøk, og skulle vere eit våpen for å sette ut folk. Også strupesongen skulle berre vere humor.

– Han har brukt enormt mykje tid på dette for å få folk til å flire. Det at han har blitt så god er fordi det er artigare å sjå reaksjonen til folk visst han er skikkeleg god, seier Hallvar Djupvik.

Hallvar Djupvik og Bjørn Tomren

Dei to kompisane Hallvar Djupvik og Bjørn Tomren har spelt i band sidan dei var ungdommar. Her var dei på scena under Moldejazz i 2009.

Foto: Jørn Inge Frostad

Lurte kompisane med til Sveits

Heilt sidan ungdomsåra har dei to kompisane vore inspirert av komikaren Andy Kaufman, som hadde ein absurd form for humor.

Hallvar har tallause historier om Bjørn. Som i 2007 då han inviterte med seg kompisane til ein jodlefestival i Hutwill i Sveits.

Ifylgje Hallvar trudde både han og Heine Bugge at dei var booka til ein spelejobb på festivalen. På vegen til den vesle byen opptredde dei på restaurantar som betaling for maten. Då dei kom fram var det ingen som venta på musikarane frå Noreg.

– Jodlefestivalen var berre som eit korstemne og ingen visste kven Bjørn var. Han stod ikkje på plakaten, slik han hadde sagt til oss, fortel Djupvik. Dei fekk likevel spele fordi Bjørn berre drog med seg Heine på scena.

– Eg trur Bjørn hadde googla jodlefestival og så kom den opp. Så lurte han oss med, ler Djupvik.

Erlend Loe

Forfattar Erlend Loe har samarbeidd med Bjørn Tomren ei rekkje gongar. Han har også leigd inn Tomren for å underhalde både i 40- og 50-årsdagen sin-

Foto: Tonje Skjervold / CAPPELEN DAMM

– Ein snåling

Tomren kunne også ha blitt skodespelar hadde ikkje planane gått i vasken. Det fortel forfattar og filmskapar Erlend Loe.

– Allereie for 10 år sidan skreiv eg han inn i eit filmmanus. Eg hadde kjensla av at han må eg bruke før alle andre oppdagar han. Men filmen blei aldri noko av, seier Loe. Han har samarbeidd med Tomren ei rekkje gongar dei siste åra og meiner den talentfulle romsdalingen er unik.

– Når han har konsertar er det både nært, vart og rørande. Og hylande morosamt. Det er det ikkje mange som klarer, seier Loe.

Han vil beskrive Bjørn Tomren som ein skrue og ein snåling. Og det spesielle er at han kan vere så fåmælt og halde tilbake og likevel vere så elska av folket.

– Enkelte i slike program gret kvar gong dei opnar munnen, men Bjørn er i den motsette enden av skalaen. Men det gjer det så mykje finare. Sjarmen hans er lett å legge merke til sjølv om han prøver å skjule den, seier Loe.

Komponist og dirigent Ragnar Rasmussen

Ragnar Ramussen er komponist og dirigent. Det er mange år sidan han fekk auga opp for Bjørn Tomren.

Foto: Hege Iren Hanssen

– Eit geni

Er dette svaret på mysteriet Bjørn Tomren? Hans sprø humor og særeigne stil?

Ja, men ikkje berre det, svarar professor ved Institutt for musikk ved NTNU, Ragnar Rasmussen. Han meiner Tomren er eit stort talent og han på mange måtar er genial.

– I dag flashar dei fleste artistar alt dei har. Dei vrenger sjela og oppsøker scenelyset, men Tomren er dobbeltsidig. Han er mystisk og held litt att, seier Rasmussen.

Det trur han vekker interessa hos mange. Og strupelyd og overtonesang er ein slags urlyd, som både er eksotisk og framandarta, men samstundes gir det ein gjenklang i sjela vår, meiner Rasmussen. Og jodlinga til Bjørn, som får folk til å trekke på smilebandet, er teknisk vanskeleg å utføre på eit høgt nivå.

– Wow-faktoren når det er bra er enorm, seier professoren.

Fra Stjernekamp 2021, episode 3, Norsk på norsk.

I runden norsk på norsk imponerte Bjørn Tomren med strupesong.

Snakkar han sant?

På Screen studios i Oslo har Bjørn Tomren fått kontroll på gjespinga. Snart skal han tilbake til livet sitt i Bergen, og bruke tid saman med sambuaren og den vesle dottera. Kalenderen er også full av spelejobbar.

Stjernekamp - artistene som gikk videre fra program 6

Jorun Stiansen, Bjørn Tomren, Alexandra Rotan, Carina Dahl, Heidi Ruud Ellingsen gjekk vidare i den sjette runden av Stjernekamp.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

I haust uttalte han i media at han angra på at han blei med på Stjernekamp, fordi det var så mykje kamera, mikrofonar og styr. No har tonen snudd. Han angrar slett ikkje på dette eventyret han har vore med på, sjølv om han har blitt filma heile dagane og har måtte møte mange framande folk.

– Eg har treft mange kjekke folk som eg tør påstå eg har blitt vener med. Det betyr mykje. Og tilbakemeldingane eg har fått betyr mykje. Erfaringa i sin heilskap er ganske spesiell, seier Tomren.

Men kan vi vere sikker på at Bjørn Tomren meiner det han seier?

Ja, trur kompis Hallvar Djupvik. Han trur Bjørn er oppriktig når han seier at Stjernekamp har vore ei positiv oppleving.

– Bjørn har blitt vaksen og vil bli tatt seriøst som låtskrivar, seier Djupvik.

Video AHAOPPVARM-160810-HO1840-214045-SI_HO.mp4

Jodling og trekkspel med Kleine Heine og Polkabjørn skulle å få folk i stemning før A-ha entra scenen på sin stadionturné.

Bjørn Tomren under generalprøvene for Stjernekamp 2021, 9. oktober. Kategorien er viser.
Bjørn Tomren under generalprøven til femte episode av Stjernekamp, 25. september 2021.
Bjørn Tomren under generalprøvene for Stjernekamp 2021, 9. oktober. Kategorien er lationpop.

Bjørn Tomren fekk terningkast seks i kategorien latinopop.