Hopp til innhold

Biskop får ikkje støtte for olje-stopp

Møre-biskopen er på klimatoppmøtet i Glasgow og kjempar mot oljeleiting. – Oljeverksemd er ikkje eit trusspørsmål, seier Misjonssambandet.

Ingeborg Midttømme

Møre-biskop Ingeborg Midttømme er ein av fleire frå Den norske kyrkja som deltar på klimatoppmøtet i Glasgow i Skottland.

Foto: Øyvind Sandnes / nrk

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Misjonssambandet meiner oljeleiting ikkje strir med kristen etikk. Dei ønsker ikkje å kritisere den norske oljeleitinga, slik biskop Ingeborg Midttømme gjer.

– Det finst nok olje i verda, sa Midttømme til avisa Dagen tidlegare i veka. Ho ber regjeringa stoppe all framtidig oljeleiting.

På telefon frå Glasgow seier biskopen til NRK at ho er utnemnt av det norske bispekollegiet til å ha særskilt ansvar for skaparverk og berekraft.

– Ved sidan av å ta meg av kyrkjelydane i Møre, er dette noko av det viktigaste eg driv med, seier ho.

Demonstrasjon i Glasgow i forbindelse med klimatoppmøtet COP26 i 2021.

Folk demonstrerer på Klimatoppmøtet i Glasgow. Biskop Ingeborg Midttømme og andre frå Den norske kyrkja er også på plass.

Foto: Milana Knezevic / NRK

Vil ikkje kritisere

Misjonsselskapet vil ikkje kritisere den norske oljeleitinga.

Espen Ottosen

Espen Ottosen og Misjonssambandet meiner oljeleiting ikkje strir med kristen etikk.

Foto: Privat

– Vi har ikkje eit grunnlag i kristen etikk for å konkludere med at all oljeleiting er etisk kritikkverdig, skriv fungerande generalsekretær Espen Ottosen i ein e-post til avisa Dagen.

Han meiner det ikkje er deira rolle å kome med partipolitiske konklusjonar.

Biskop Midttømme seier til NRK at det bør vere rom for ulike oppfatningar i denne saka.

– For meg er det overordna å ta vare på skaparverket og gjere jordkloden leveleg for alle.

Har ikkje tatt standpunkt

Avisa Dagen har kontakta ei rekke leiarar i kristen-Noreg for å høyre om dei vil gå like langt som biskopen.

Ifølge avisa har ingen av desse tatt eit standpunkt:

  • Pinserørsla
  • Misjonssambandet
  • Indremisjonsforbundet
  • Misjonskyrkja
  • Laget NKSS
  • Den katolske kyrkja
2018, Ansatte, stabsdager, Karl-Johan Kjøde, Generalsekretær

Karl-Johan Kjøde er generalsekretær i Noregs Kristelege Student- og Skoleungdomslag, ein av mange organisasjonar som ikkje har tatt standpunkt mot oljeleiting.

Foto: Laget NKSS/Martin Haagensen

Generalsekretæren i Noregs Kristelige Student- og Skoleungdomslag, Karl-Johan Kjøde, seier at han ikkje vil ta eit «radikalt standpunkt» rundt den norske oljeleitinga.

– Det blir førebels ikkje opplevd som eit trusspørsmål. Men det kan bli det når Den norske kyrkja uttalar seg så sterkt, seier Kjøde til Dagen.

– Eit tema gjennom mange år

Biskop Ingeborg Midttømme meiner det er bra at dette blir diskutert, og peikar på at berekraft og miljø har vore eit tema i kyrkja i mange år. Ho trur ikkje bispekollegaene hennar i Den norske kyrkja har noko imot at ho er på klimatoppmøtet.

– Om vi ikkje skal slutte med oljeleiting, ja, kva skal vi då gjere for å nå klimamåla våre?

Les også: Fem ting du må vite om den første uka i Glasgow

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL