Hopp til innhold

Berga frå Romsdalsegga

I går kveld måtte redningsmannskap trø til for å hente ned ei mor og den 16 år gamle son hennar frå Romsdalsegga.

Begge var trøtte og slitne, men ingen kom til skade, seier operasjonsleiar Kjell Biesmans.

Politiet fekk inn melding i 17-tida etter at dei to hadde gått seg fast i bratt terreng med mykje snø. I 20-tida var aksjonen avslutta.