Hopp til innhold

Beredskapssjef om øvingar: – Vi har sløst bort millionar av kroner

No etterlyser beredskapssjefen i Agder betre oppfølging av øvingar. Han meiner vi har meir enn nok rapportar som er lagt ned i ein skuff.

Beredskapsansvarlig hos Statsforvalteren i Agder, Yngve Årøy.

SLØSAR PENGAR: Fylkesberedskapssjefen i Agder, Yngve Årøy, meiner vi sløser pengar på å øve utan å gjere tiltak i etterkant.

Foto: Privat

Skuleskyting, skogbrann, utslepp frå kjernekraftverk, ekstremvêr, straumstans, dataangrep og pandemi. Alt dette har norske kommunar har øvd på dei siste åra.

Trass i at Hamarøy kommune i Nordland hadde øvd på pandemi, fekk kommunen seg ei overrasking jula 2020.

1. juledag kom beskjeden om at ein tilsett på legekontoret var smitta av covid-19. Alle som jobba der måtte i karantene. Alle pasientane som hadde vore innom måtte teste seg. Mange var i risikogruppa.

Legekontoret vart sett ut av spel. Fullstendig kaos. Kommuneoverlegen måtte frå ei enkeltseng i kjellaren sin heime prøve å hindre at fleire vart smitta.

Det var ikkje heilt slik dei hadde sett føre seg ein pandemi skulle bli då dei øvde.

Mange øvingar har avgrensa nytte

Øving er noko kommunane er pålagt å gjere annakvart år. Det er meint til å ruste beredskapen i Noreg.

Ved Universitetet i Sør-Øst Noreg har dei forska på beredskap og øvingar. Førsteamanuensis Jarle Løve Sørensen fortel at mange øver til avgrensa nytte.

Førsteamanuensis Jarle Løwe Sørensen

Førsteamanuensis Jarle Løve Sørensen er forskar ved Senter for sikkerheit, krisehandtering og beredskapsleiing ved Universitetet i Sør-Øst Noreg.

Foto: Rune Christoffer Holm / NRK

– Det går i hovudsak på korleis ein planlegg, gjennomfører og evaluerer øvinga, seier han.

Sørensen meiner det må vere tydeleg for alle kven som skal øve og kvifor det skal øvast. I tillegg er det viktig å stoppe opp og evaluere ei øving undervegs.

– Det blir fort slik at dei samlar seg i ein stor sal, snakkar om korleis det gjekk og skriv ein rapport som hamna i ein skuff, seier Sørensen.

NRK har forsøkt å finne ut kor mykje øvingar kostar i Noreg, men det er umogleg å finne ut. Heller ikkje forskinga ved universitetet kan gi svar.

– Det vi veit er at det er mykje, ifølge Sørensen.

Bodø kommune under "Øvelse Nordland" i 2018. Scenarioet dei øver på er pandemi.

PANDEMI: I Nordland øvde 37 kommunar på pandemi i 2018. Fleire norske kommunar har øvd på smittsamt virus dei siste åra. Både i Vestfold og Telemark, Trøndelag, Møre og Romsdal og i Innlandet.

Foto: Asgeir Jordbru / Statsforvaltaren i Nordland

– Har sløst bort millionar

Ein av dei som har sett verdifulle øvingar støve bort, er fylkesberedskapssjef Yngve Årøy, hos Statsforvalteren på Agder.

Jobben hans er å kontrollere og følgje opp kommunens beredskap. Han meiner det førebyggande arbeidet ikkje er godt nok, og har sett mange rapportar som har peikt ut problem dei ikkje har gjort nok med.

– Vi har meir enn nok av rapportar som er lagt ned i ein skuff. Her har vi sløst bort millionar av kroner, seier Årøy.

Han seier at det ikkje alltid er mengda øvingar som tel, men kvaliteten på dei, og at dei gir læring. Det er viktig å få fram at bildet ikkje er heilsvart, det finst unntak. Å øve på dei same feila gong etter gong er å sløse med tid og pengar, seier han.

Han meiner vi heller kunne brukt nokon av desse pengane til å ta inn over oss det som står i rapportane og jobbe førebyggjande ut frå dei.

– Vi er ikkje flinke nok til å redusere risikoen for hendingar, slår han fast.

Avhengig av hjelp frå naboane

Heile legevakta til Hamarøy vart sett ut av spel jula 2020. Kommunen henta inn personell frå nabokommunane, som kunne lære opp andre sjukepleiarar i Hamarøy til å teste.

– Det var jo fullstendig krise, seier kommuneoverlegen i Hamarøy kommune, Elisabeth Richter.

Sjølv om dette var eit scenario dei hadde øvd på, så vart dei tatt på senga.

Kommuneoverlegen var ikkje med på øvinga i 2018, sjølv om ho var ein del av kriseleiinga. Ho jobba som fastlege i tillegg til stillinga som kommuneoverlege, og det vart ikkje prioritert at ho skulle vere med på øvinga.

Siv Elin Øvrevold og Lisbeth Øgsnes på teststasjonen på Hamarøy.

TESTAR: Siv-Elin Øvrevold og Lisbeth Øgsnes jobbar eigentleg som lærarar på Knut Hamsun videregående skule. Jula 2020 vart dei henta av kommunen til å teste potensielle koronasmitta i Hamarøy kommune. Begge er utdanna sjukepleiarar.

Foto: Elisabeth Richter / privat

– Tida strekk ikkje til når eg jobbar berre 40 prosent som kommuneoverlege. Då må eg prioritere det som er viktig der og då. Beredskap kostar pengar og tar tid. Det er noko som ofte blir nedprioritert.

Ordføraren i Hamarøy meiner kommunen takla utbrotet på ein god måte, ut ifrå dei vilkåra dei hadde.

– Vi hadde ikkje sett føre oss alle utfordringane, og var heilt avhengig av bistand, men vi klarte å løyse dette ved hjelp av ein godt samkøyrd kriseleiing og tilsette som jobba dag og natt, seier Britt Kristoffersen (Sp).

Hamarøy slo seg saman med Tysfjord kommune i 2020. Derfor har ho ikkje oversikt over kor mykje av tiltaka som vart sett i verk etter øvinga i 2018, som vart med vidare i ny kommune.

– Kommunesamanslåingsprosessen var ein tid- og ressurskrevjande prosess, og det var nok ikkje alle tiltak som vart vidareført, seier ho.

Kristoffersen er einig med kommuneoverlege, beredskap kostar og tar tid å bygge.

– Det må gjerast på godvêrsdagar, for bruk i uvêrsdagar. Det er som ei forsikring du betalar, men håpar du ikkje får bruk for.

Øvde, men var ikkje førebudd

Fylkesberedskapssjef ved Statsforvaltaren i Nordland arrangerte øvinga i 2018. Han seier at det som møtte dei i mars 2020 ikkje var i nærleiken av noko dei hadde øvd på.

Dei hadde øvd på eit virusutbrot, men ikkje sett føre seg at ein måtte stenge ned samfunnet.

– Då får vi ein heil del andre kriser som vi må handtere opp i dette.

Fylkesberedskapssjef ved statsforvaltaren i Nordland, Asgeir Jordbru.

BEREDSKAPSSJEF: Asgeir Jordbru har ansvar for å følgje med på at kommunane i Nordland har ein god beredskap.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Eitt av punkta som vart avdekt under øvinga i 2018 var at det kom til å vere mangel på smittevernutstyr.

I rapporten vart det trekt fram at ein del kommunar ønskja seg eit beredskapslager med hanskar, munnbind og desinfiseringsmidlar. Her vart det konkludert med at lagera kunne aukast i forkant av pandemien, då dette ville vere ei godt varsla hending.

I januar 2020 vart kommunane i Nordland oppfordra til å sjå på evalueringa frå pandemiøvinga, slik ein kunne vere førebudd.

– Vi sende ut vår rapport, og bad dei om å sjå på sin eigen rapport. Vi veit ikkje om dei faktisk gjorde det, men vi hadde eit møte i slutten av januar og bad dei om å førebu seg på at viruset kom til Noreg.

Trass i denne oppdaginga, var det likevel mangel på smittevernutstyr da koronapandemien kom. Det var så ille at fleire måtte sette seg ned å sy smittevernutstyr.

Likevel peiker beredskapssjefen på at øving er viktig for å betre beredskapen.

Øver ikkje for å ha det gøy

Øvingar skjer både lokalt, regionalt og nasjonalt. Dei er viktig og kan føre til at både kommunen og samarbeidspartnarar kan verte betre førebudd til neste krise.

Over fylkesberedskapssjefen sit Elisabeth Longva i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Ho vil ikkje kritisere kommunane, men ser at det er meir å hente på deira øvingar.

Men ho forklarar også at det ikkje er noko krav i lova om at kommunane skal følgje opp tiltak.

Elisabeth Longva, avdelingsdirektør DSB for samordning og beredskap

DSB: Elisabeth Longva i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap meiner det er viktig at kommunane tar med seg det dei lærer i øvingane dei har.

Foto: Anita Andersen / DSB

Reglane seier at kommunane må øve på kriser og evaluere eigen innsats. Men det er ikkje noko krav om at kommunane må sette i verk tiltak. Sjølv om ei kommune veit at den kjem til å mangle smittevernutstyr ved ein pandemi, eller flaumvald ved ein flaum, treng ein ikkje gjere noko med det.

Dette handlar om pengar. Kvar enkelt kommune må sjølv prioritere. Der er ikkje noko minstekrav. Nokre tiltak kan også bli svært kostbare.

Ho kan ikkje seie at alle øvingar har ein verdi. I staden peikar ho på kva kommunane må gjere for at beredskapen skal bli betre.

– Det aller viktigaste er å ta det ein har lært med seg vidare, og sette inn tiltak. Det skal jo bli brukt til noko. Det er ikkje berre for å ha det gøy, seier ho.

Longva meiner det er viktig at kommunane tar med seg læringspunkt etter sine øvingar. Utan å ta dette med seg vidare, er øvingane verdilause.