Hopp til innhold

Ber kommunane følgje med på vêret

Stormvarsel gjer at Fylkesmannen ber kommunane vere på vakt. Det kan kome kraftige vindkast innover land søndag kveld og situasjonen er under overvaking.

Værvarsel 145.10.2017

Kraftig vind er på veg inn frå havet og treff Møre og Romsdal først.

Foto: Meteorologisk institutt

Fylkesmann Lodve Solholm og staben i beredskapsavdelinga har sendt ut varsel til alle kommunane i Møre og Romsdal om vêrsituasjonen.

Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm ber kommunane i Møre og Romsdal følgje med på vêret.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Vi har valt å vidaresende varselet frå meteorologane, seier fylkesmann Lodve Solholm. Dette er ikkje eit ekstremvervarsel, men eit varsel om at vinden kan bli kraftig utover kvelden.

Dette er varselet for Møre og Romsdal:

«Seint søndag kveld auke til sørvest full storm, natt til måndag dreiar vinden vestleg, minkande. Det kan kome kraftige vindkast på omkring 35 m/s.»

Vakthavande meteorolog Anne Solveig Andersen seier til NRK at folk bør sikre lause gjenstandar for det kan bli sterke vindkast.

Anne Solveig Andersen

Vakthavande meteorolog, Anne Solveig Andersen.

Foto: Marit Hommedal

– Årsaka er eit lågtrykk nordvest for Storbritannia. Det går raskt nordaustover og kan bli eit stormsenter.

Den sterke vinden ser ut til å bli kortvarig. Den kjem først innover Møre og Romsdal i kveld og treff med størst kraft nord i Trøndelag og sør i Nordland.

Andersen seier det vere store lokale variasjonar, og at situasjonen kan endre seg.

Dersom data tilseier at denne situasjonen bør oppgraderes, vil det bli sendt ut ekstremvarsel, understrekar meteorologane.

Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL