Ber folk vere førebudd på tur

Finvêret held fram i helga noko som gjer at mange truleg vil nytte høve til å ferdast til fjells. Are Knutsen ved AMK-sentralen i Møre og Romsdal ber folk om å førebu seg godt før dei legg ut på tur, uansett lengde på turen. – Vi ser ein tendens der turane aukar med finvêret. I løpet av sommaren har vi hatt fleire aksjonar der vi har henta ut skadde personar i fjellet, seier Knutsen. Han kjem med nokre klare råd til dei som skal på tur. – Det er slik at det fort kan ta litt tid før hjelpa når fram. Uansett kor langt du skal så bør du ha med deg mat og godt med drikke, og varme og tørre kle. Dei kan gjerne vere fargerike slik at det er lettare å sjå og finne dei som treng hjelp, seier Knutsen.

På veg opp til Heimfjørstadsetra.
Foto: Tormod Brekke Øye / NRK