Hopp til innhold

Her går folk stadig vekk tom for drivstoff

Nesten kvar dag vert Ålesundstunnelane stengt fordi bilar får motorstans.

Ellingsøytunnelen, Ålesund

Lite drivstoff og manglande vedlikehald på bilen er oftast årsaka til motorstans i Ålesundstunnelane.

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Køer fordi Ellingsøytunnelen er stengt

Fleire gongar i veka vert Ålesundstunnelane stengt på grunn av motorhavari. (arkivbilete)

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Også i dag vart den undersjøiske tunnelen mellom Ålesund og Ellingsøya stengt. Denne gongen hadde bilføraren for lite drivstoff til å kome seg opp dei bratte bakkane.

– Det er klart at når dette skjer både ein og to gongar for dag, brukar politiet mykje ressursar som vi kunne brukt andre stader, seier Johan Arnt Overøye. Han er operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Fleire stader i tunnelen er det så uoversiktleg at politiet må stenge tunnelen dersom bilane får motorstans. Det skaper spesielt stor frustrasjon for folk som skal til flyplassen, merkar Overøye.

Tom tank

Geir Andersen

Geir Andersen ved Møre bilberging kjenner godt til problemet med bilar som får motorhavari i tunnelen.

Foto: privat

Møre Bilberging hentar mange av bilane som stansar i tunnelane. Dagleg leiar Geir Andersen trur auka trafikk er grunnen til at det nesten dagleg må bergast bilar derifrå.

– Folk tenkjer vel ikkje på at bilen brukar mykje drivstoff i dei bratte motbakkane. Dersom det er lite på tanken, vert det ofte liggande i eine enden og bilen stoppar, seier Andersen.

Manglande vedlikehald

Typisk er det også at eldre bilar får motorhavari. Andersen meiner at mange av bilane som stansar i tunnelen manglar vedlikehald, og dermed får problem i motbakkane. Det er også opplevinga til politiet.

– Svært mange av bilane har problem med kløtsjen, seier Overøye. Politiet bøtelegg likevel ikkje dei som får motorstans på grunn av lite drivstoff eller dårleg vedlikehald på bilen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL