Hopp til innhold

Private vil gi sekssifra beløp til skuletilbod – lærarorganisasjonen seier nei til rike onklar

Ei privat bedrift vil gi pengar for å berge nedleggingstrua skuletilbod. Utdanningsforbundet fryktar amerikanske tilstandar med sponsing og stipend.

Odin Furnes

Odin Furnes (19) er lærling i kuldefaget ved MMC First Process. Bedrifta fryktar at den dårlege økonomien til fylkeskommunen fører til at dei ikkje får nok lærlingar og fagfolk i framtida.

Foto: Remi Sagen / NRK

Den økonomiske situasjonen i Møre og Romsdal er dramatisk. Fylkeskommunen skal spare 112 millionar kroner neste år og kuttlista i den vidaregåande skulen er lang. Verst går det ut over estetiske- og yrkesfaglege tilbod.

Petter Leon Fauske er administrerande direktør ved MMC First Process på Digerneset i Skodje.

Petter Leon Fauske er administrerande direktør ved MMC First Process på Digerneset i Skodje. Han vil spytte inn pengar for å sikre at kuldefagutdanninga ikkje forsvinn.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kuldefaget er berre eit av mange tilbod som kan forsvinne og det gjer bedrifta MMC First Process på Sunnmøre bekymra. Dei fryktar at det blir mangel på fagfolk.

No vil dei spytte inn pengar for å sikre at elevar får den utdanninga bedrifta treng.

– Vi kan gå inn med eit sekssifra beløp for å sikre at tilbodet blir vidareført, seier dagleg leiar Petter Leon Fauske. Bedrifta utviklar og produserer utstyr for handtering av fisk.

Rike onklar gir forskjellsbehandling

Gerd Botn Brattli

Gerd Botn Brattli er fylkesleiar i Utdanningsforbundet. Ho meiner det er feil at næringslivet skal gi pengar til enkelte skuletilbod.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Utdanningsforbundet sentralt er ikkje kjend med at næringslivet sponsar drift av fagtilbod andre stadar i landet.

– Det er hyggeleg at næringslivet vil sponse, men kva blir konsekvensane? Ikkje alle linjer har rike onklar å støtte seg på, seier Gerd Botn Brattli.

Ho er fylkesleiar i Møre og Romsdal og likar ikkje tanken på at at næringslivet skal berge den offentlege skulen, sjølv om det alltid har vore eit godt samarbeid mellom arbeidslivet og den vidaregåande skulen.

Ho peikar på helse og oppvekst og dans og drama som kan bli forskjellsbehandla, fordi dei ikkje har næringslivet bak seg.

– Eg fryktar amerikanske tilstandar der vi skal ha sponsorar og kanskje vi må starte med stipend for å komme inn på vidaregåande, seier Brattli.

Må ha klare retningsliner

Emma Krohn-Dale

Emma Krohn-Dahle meiner det må på plass tydelege retningsliner dersom bedrifter skal sponse utdanningstilbod.

Foto: Remi Sagen / NRK

Måndag var det ein stor demonstrasjon i Molde der elevane demonstrerte mot kuttforslaget. Ei av dei som har engasjert seg er elevrådsleiar Emma Krohn-Dale. Ho fryktar at heile skulen hennar i Ålesund forsvinn, fordi dei fleste tilboda er foreslått flytta til andre skular.

Ho er ikkje negativ til at næringslivet engasjerer seg for å berge enkelte tilbod, men håper at det ikkje betyr at elevane bind seg på noko slags måte.

– Det må i alle fall klare retningsliner på plass, seier Krohn-Dale.

Tar imot pengane med takk

Torbjørn Volstad

Torbjørn Volstad er fagansvarleg ved Haram vidaregåande skule. Han seier ja takk til pengar frå næringslivet.

Foto: Remi Sagen / NRK

På Haram vidaregåande skule står øvingsutstyret for å bli kuldeteknikar klart, men det er ingen elevar her. På grunn av få førsteprioritetssøkjarar vart det ingen klasse i år. Faglærar Torbjørn Volstad håper at dei ti pultane skal vere fulle att til hausten.

– Visst ikkje næringslivet sponsar oss no i den situasjonen fylkeskommunen er i, sagar dei av greina dei sit på. Blir tilbodet lagt ned, blir det ikkje starta opp att, seier Volstad.

Han ser ingen problem med at næringslivet sponsar den offentlege skulen. Erfaringa hans er at bedriftene sjølve også nyttar skuletilbodet og set arbeidarar på skulebenken på delar av undervisninga visst det er ledig kapasitet.

Petter Leon Fauske i MMC Prosess forstår at det kan vere eit vanskeleg spørsmål om næringslivet skal sponse fylkeskommunale tilbod.

– Det viser behovet i næringa og det er det vi ynskjer å signalisere. Visst vi kan hjelpe ynskjer vi å gå inn med pengar, seier Fauske.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL