Hopp til innhold

Elevar demonstrerte mot skulekutt

Ei rekkje fagtilbod kan forsvinne frå dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal, på grunn av dårleg økonomi. Elevane er sinte og demonstrerte i dag mot dei føreslåtte kutta.

Demonstrasjon i Molde mot skulekutt

SINT: Elevar frå heile fylket møtte opp for å demonstrere.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire hundre elevar droppa skulen i dag for å protestere mot dei føreslåtte skulekutta.

Møre og Romsdal fylkeskommune er i ei økonomisk pine og må spare til saman 112 millionar kroner neste år. Fylkesrådmannen foreslår difor ei rekkje kutt i skulane. Det er spesielt yrkesfag og estetiske fag som blir ramma.

I dag gjer elevane opprør og går i demonstrasjonstog til fylkeshuset i Molde, der dei politiske utvala skal behandle økonomiplanen.

Praktiske fag er eit avbrekk

– Ikkje alle elevar er bygd for å gå eit A4-løp på studie, seier Eric-Andreas Svebakk, organisatorisk nestleiar i Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal.

Han reagerer på kutta som er foreslått i dei praktiske og estetiske faga, slik som bygg og anlegg, mat og restaurantfag og design og handverk. Han meiner desse faga er eit avbrekk i kvardagen.

Eric-Andreas Svebakk demonstrerar mot skulekutt i Molde

Eric-Andreas Svebakk er sjokkert over dei føreslåtte kutta i skulesektoren. Han er organisatorisk nestleiar i Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Eit mareritt

Svebakk forstår ikkje korleis det er mogleg å kutte 50 millionar kroner berre på skule neste år og vidare 50 millionar i 2021.

– Eg blei sjokka då eg høyrde om kutta. Det høyrest ut som eit mareritt, seier skuleeleven.

Han fryktar at mange elevar blir tvunge til å flytte for å ta den utdanninga dei ynskjer. Ikkje berre at dei må flytte til ein annan kant av fylket, han trur enkelte må ut av fylket fordi tilbod forsvinn.

Dyre ferjer

Elevrådsleiar ved Ålesund vidaregåande skole, Emma Krohn-Dale heldt appell på rådhuset.

– Er det ikkje slik at vi er verdas rikaste land og burde vi ikkje då ha verdas beste skule, sa Dale. Ho drog fram underfinansieringa av ferjene, som fører til at fylkeskommunen må spare pengar. Ho meiner at kutta fører til at ungdomen mister valfridomen sin. Medielinja ho går på kan forsvinne. Akkurat det studietilbodet har vore hennar redning.

– Alle klarer ikkje den mengda med teori som norsk skule seier at du skal klare. Difor har vi fleire kreative alternativ, slik at vi slepp å hate kvar einaste dag på skule, seier Dale.

Elevar demonstrerar mot skulekutt i Molde

Skuffa og sinte

Leiar i Elevorganisasjonen, Aslak Husby, er imponert over oppmøtet og meiner engasjementet viser politikarane kor misnøgde elevane er med kuttforslaga.

– Ungdomane er overraska. Ingen såg kutta komme. Mange er skuffa og sinte, seier Husby. Han meiner samferdselssektoren må ta ein større del av kutta på 112 millionar kroner.

Rasering av framtida

Også ungdomspanelet i Møre og Romsdal er uroa over kuttforslaga, det same er Utdanningsforbundet og Lektorlaget.

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) seier det er fint at elevane engasjerer seg og at ho forstår at forslaga har skapt reaksjonar. Ho meiner at folk likevel må bu seg på at det kjem til å bli kutta i budsjettet.

Elevar demonstrerte mot skulekutt utanfor rådhuset i Molde

Fleire hundre elevar møtte opp for å protestere mot kuttforslaga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I dag har saka vore oppe i utdanningsutvalet i Møre og Romsdal, der fleire parti var einige om at kutta innanfor musikk, dans og drama er for omfattande, og åtvarar også mot kutta som er foreslått for yrkesfag og yrkessjåførutdanninga.

– Det er viktig at vi satsar på fag som næringslivet har behov for, men også utruleg viktig at vi satsar på dei kreative faga, og her er kutta for omfattande, seier leiar for utdanningsutvalet, Per Ivar Lied.

SJÅ APELLANE: Her kan du sjå sendinga frå demonstrasjonen.