Hopp til innhold

Båt på plass måndag ettermiddag

Båten forbi rasstaden er på plass frå måndag ettermiddag.

Ras Oppdølstranda

Slik såg det ut då raset gjekk i Oppdølsstranda søndag kveld.

Foto: Per R. Skarseth

- Frå klokka 16.30 måndag vil ein passasjerbåt trafikkere strekninga forbi rasstaden, mellom Oppdøl og Sunndalsøra, seier ordførar Tove-Lise Torve i Sunndal kommune.

Båten har ein kapasitet på 68 personar, og vil bruke om lag 10 minutt på strekninga.

Må tilpasse rutene

Berre frå ungdomskulen er det 47 elevar som treng skyss. I tillegg er det om lag 30 lærarar og assistentar som treng skyss med båt.

- Vi må legge opp til ein rutetabell som gjer at båten går så ofte som mogleg når arbeidsdagen startar og sluttar, seier Torve.

- I tillegg må vi tilpasse skyssen av skuleelevar, seier ho, og legg til at elevane både ved ungdomsskulen og vidaregåande skule skal tilbake tysdag.

Beredskap på plass

Tidlegast tysdag blir det klart kor lenge vegen blir stengt, noko som ikkje bekymrar ordføraren.

- Vi har fått på plass beredskapen, og er veldig glade for at Vegvesenet er så grundige og tenker på tryggleik fyrst. At vegen her er stengt til ein er trygg på den, skulle berre mangle, meiner Torve.

Båten er tilgjengeleg fram til 5. september.

Ras Sunndal

Slik ser rasstaden ut frå lufta. No blir det sett inn båt forbi den stengte vegstrekninga.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL