Hopp til innhold

Her jagar hunden lammet i døden

Etter at den lause hunden hadde jaga lammet fleire meter ned ei bratt skråning, vart lammet liggande i vatnet til det drukna. Mange hundeeigarar ignorerer bandtvangen når dei tek med hundane til fjells.

Etter at den lause hunden hadde jaga lammet fleire meter ned ei bratt skråning, vart lammet liggande i vatnet til det drukna. Mange hundeeigarar ignorerer bandtvangen når dei tek med hundane til fjells.

At denne hunden ikkje var i band fekk dramatiske følgjer for det vesle lammet. Det vart jaga ned fjellsida før det hamna i vatnet og drukna. Unni Lise Dahl frå Volda filma dramaet frå den andre sida av fjellvatnet.

– Det var forferdeleg ekkelt å sjå på, seier Unni Lise Dahl som vart vitne til hendinga då ho skulle pakke saman etter å ha telta ved eit fjellvatn i nærleiken av fjellet Hornindalsrokken i helga.

På den andre sida av fjellvatnet oppdaga ho hunden som jaga sauer oppe i fjellsida. For éin blant flokken skulle det heile ende dramatisk. Hunden fekk nemleg eit lam til å falle ned den bratte fjellsida og følgde etter til lammet hamna i vatnet.

– Der låg det og kjempa i 3–4 minutt før det døydde. Hunden stod på land og hoppa og spratt, fortel Dahl til NRK.

– Vi prøvde så godt vi kunne å rope på hunden, og mannen min byrja å springe rundt vatnet. Etter kvart kom eigaren, men hunden ville ikkje lystre

Respekterer ikkje bandtvangen

I eit innlegg på Facebook-gruppa «Toppturer i Nordvest» har ho lagt ut ein videosnutt av dramatikken, der ho minner om at alle hundeeigarar må bruke band på hundane sine. Reaksjonane har vore mange.

Hund jaga lam i drukningsdøden

Lammet låg i vatnet det og kjempa i 3–4 minutt før det døydde.

Foto: Unni Lise Dahl


Lov om hundehald slår nemleg fast at i tida frå 1. april til og med 20. august skal hund verte heldt i band, eller vere forsvarleg innegjerda, slik at hunden ikkje jagar eller gjer skade på andre dyr.

Joakim Pettersen, som driv ein av dei største jegerbloggane i landet, møter stadig hundeeigarar som ikkje respekterer bandtvangen.

– Det er ulovleg. Bandtvang er bandtvang, så enkelt er det.

Han poengterer at det er frykteleg vanskeleg å vite korleis hunden reagerer når instinktet slår inn.

– Det har ingenting å seie kor flink og snill hunden din er, det er framleis ulovleg å sleppe han laus, seier Pettersen.

– Dette var no det verste som kunne skje. Ein sau blir sprengt. Sauen er ikkje laga for å springe like godt som bikkjene, så då blir dei stressa i hel.

Bøter eller fengsel

Jaktbloggaren meiner at dersom ein møter folk i fjellet som har teke bandet av hunden, så må det vere lov til å seie frå til dei. Om ein bryt bandtvangen, kan ein risikere å få bøter eller fengsel i inntil seks månader.

Les også:

Den lause hunden ved Hornindalsrokken lystra til slutt mannen til Unni Lise Dahl, men då var det for seint. Lammet hadde lidd drukningsdøden.

– Bonden kom og fekk sjå filmsnutten, så tok han kontakt med hundeeigaren. Det var ei forferdeleg oppleving, seier Dahl.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL