Bålforbod i fem månader

Frå i dag av er det innført eit generelt forbod mot å tenne bål i heile landet. Forbodet gjeld fram til 15. september, og operatør Tor Ivar Sjåstad ved 110-sentralen i Møre og Romsdal minner om at forbodet omfattar all tenning av bål i skog, lyng, gras, på holmar og i strandområde. Somme kommunar gir dispensasjon frå forbodet, men det må søkjast om det, og blåbrenninga skjer på eige ansvar.