Avhøyrer involverte

Politiet skal i dag avhøyre involverte i trafikkulykka i Austefjorden i Volda i går, der ei kvinne på 62 år omkom. Det var til saman sju personar i dei to bilane som krasja. Fleire av dei blei alvorleg skadde. Fungerande lensmann, Tore Bjørdal, seier at det er for tidleg å fastslå kva som var årsaka til ulykka.