Trafikkulykke Austefjorden
Foto: Tipsar

Møteulykke i Austefjorden

  • Bekymra for sikkerheten

    Statens havarikommisjon tilrår Statens vegvesen å gjøre en vurdering med sikte på å forbedre regelverket for sikkerheten til baksetepassasjerer etter en møteulykke i Austefjorden i Volda i fjor. To personer som satt i baksetet av bilen omkom i ulykken. I en rapport skriver de at undersøkelsen av ulykken har vist at sikkerhetssystemene til sitteplassene var forskjellige. Midtsetet bak i bilen hadde et bilbelte som var konstruert annerledes enn alle andre bilbelter i samme bil. Havarikommisjonen har vurdert testkrav til bakseterygger opp mot denne ulykken, og mener at testkravene ikke godt nok ivaretar sikkerheten til passasjerer i midten i baksetet og at det ikke er etablerte kollisjonstester for midtpassasjeren i baksetet.

  • Død etter trafikkulykke

    Den 29 år gamle Ida Finnøy Myhren døydde på Haukeland universitetssjukehus i Bergen i går ettermiddag. Ho var passasjer i ein bil som var innblanda i ei trafikkulykke ved Austefjord i Volda, og dotter til den 62 år gamle Laila Finnøy som døydde på staden søndag føremiddag. Ei anna dotter ligg framleis alvorleg skadd ved Ålesund sjukehus, og situasjonen for dei øvrige er uendra.

  • Fire framleis innlagt

    To personar som vart sendt til sjukehuset i Volda etter ulykka i Austefjorden søndag, er utskrivne, opplyser politiet. Tre personar er framleis innlagt ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, og ein person ligg på sjukehuset i Ålesund. Politiet opplyste søndag at skadeomfanget var alvorleg for dei fire. Dei har ikkje nye opplysningar om helsetilstanden i dag.

  • Avhøyrer involverte

    Politiet skal i dag avhøyre involverte i trafikkulykka i Austefjorden i Volda i går, der ei kvinne på 62 år omkom. Det var til saman sju personar i dei to bilane som krasja. Fleire av dei blei alvorleg skadde. Fungerande lensmann, Tore Bjørdal, seier at det er for tidleg å fastslå kva som var årsaka til ulykka.

  • Kvinne døydde i ulykke

    Ei 62 gammal kvinne døydde av skadane ho fekk i ein front-mot-kollisjon på E39 i Austefjorden i Volda søndag morgon. Kvinna var passasjer i ein av dei to involverte bilane. Det melder Møre og Romsdal politidistrikt. Pårørande er varsla.