NRK Meny

Avgjer om to veker

Om ei til to veker avgjer Frostating lagmannsrett om anken i sjukehussaka blir behandla eller avvist. Det er Kristiansund kommune som har gått til sak mot Helse Midt-Norge, fordi den meiner det blei gjort saksbehandlingsfeil då tomtevalet for det nye fellessjukehuset blei gjort. Kommunen tapte i tingretten men har anka.

Frostating lagmannsrett
Foto: Kjartan Ovesen / NRK