NRK Meny
Normal

Kontrakt på 150 millionar til Averøybedrift

Br. Røsand har fått ei kjempekontrakt på Averøya. No skal dei jobbe med dei nye Åsgard-bygga.

Br. Røsand fekk kjempekontrakt

Br. Røsand fekk tildelt ei kontrakt på heile 150 millionar kroner i dag.

Foto: Runar Tafjord

Vestbase AS tildelte entreprenørselskapet Br. Røsand AS kontrakt på bygging av verkstadhallar og servicebygg for Statoil sitt Åsgård Gasskompresjonsprosjekt på Vestbase.

– Det følast veldig bra. Det er ei stor kontrakt, seier administrerande direktør Roald Røsand ved Br. Røsand AS.

Dette prosjektet representerer neste generasjons subsea-teknologi, fortel administrerande direktør Alf Dahl i Vestbase AS, som har ansvaret for framdrifta av prosjektet.

– Dette er i utgangspunkt ei kontrakt på om lag 150 millionar kroner og er vår største entreprenørkontrakt så langt, seier Dahl.

Stort for regionen

Tidlegare i år fekk Vestbase AS tildelt ei kontrakt frå Statoil på etableringa av nye bygg, infrastruktur, logistikk- og servicesenter og driftsfasen til dette banebrytande prosjektet.

Dette prosjektet vil ha store ringverknader for regionen.

– Dei store verkstadhallar som skal bli bygd på basen vil skape arbeid til masse folk her og vere positivt for andre leverandørar i regionen. Dette vil ha store vekstimpulsar for heile regionen, seier Dahl.

Br. Røsand AS er valt som totalentreprenør for nybygga etter ein nasjonal anbodsprosess, der mellom anna omsyn til kvalitet, løysning, leveringstid og pris er blitt vurdert.

Byggestart er sett til 3. juni kl. 07.00. Anlegget skal stå ferdig og bli overlevert til Statoil, som langsiktig leigetakar, innan 4. juni 2014.

Vikan Eiendom AS er byggeherre for prosjektet, medan Vestbase AS har rolla som prosjektleiar og framleiar til Statoil. Xpro AS er engasjert som ekstern samarbeidspartnar i byggefasen.

Les også: – Posisjonert oss for framtida

Les også: Ny utviding på Vestbase