Sambandet Aukra-Hollingsholmen er plukka ut til å vere prøveklut for det nye systemet. Varaordførar Bernhard Riksfjord i Aukra sier det kan virke som om reaksjonane frå kommunen ikkje blir tatt på alvor.
Enklare billettering
Det nye billetteringssystemet skal gjere billetteringa på ferjene enklare, mellom anna ved å innføre eit såkalla Autopass som i framtida skal kunne brukast på alle ferjestrekningar. I forslaget ligg det også at passasjerane skal få reise gratis, medan det blir dyrare å ta med seg bilen over fjorden. Dette førte til sterke reaksjonar i Aukra og Midsund, som var plukka ut til å delta i prøveprosjektet. No er altså Midsund ute av prosjektet, medan vegdirektoratet framleis ønskjer å ha med sambandet Aukra-Hollingsholmen. Ein av grunnane til det er at ei ny ferje som er spesialbygd for det nye billetteringssystemet skal inn i dette sambandet ved årsskiftet 2004/2005.
Staten må ta kostnadane
Varaordførar Bernhard Riksfjord, ønskjer både nyferja og det nye billetteringssystemet velkommen, men seier staten må ta kostnadane.