Hopp til innhold

– Sjå på skredproblema og ikkje berre faregraden

Vedvarande svake lag skaper krevjande skiforhold i store delar av landet. Snøskredvarslinga ber skiløparar om å ikkje undervurdere faregraden for snøskred.

Uvær på fjellet kan komme brått

SKITUR: For mange er vinteren ei fin tid til å teste skiferdigheitene. Men det kan også by på utfordringar. Akkurat no skaper vedvarande svake lag krevjande forhold.

Foto: Christian Strand / Den Norske Turistforening

Skisesongen er i gang for fullt og vinteren kan by på mange flotte opplevingar med ski på beina. Men å ferdast i fjellet er likevel ikkje heilt utan risiko.

Over heile landet er det no moderat til betydeleg snøskredfare. Dette er faregrad 2 og 3 av ein skala på 5. Emma Julseth Barfod, vaktleiar ved snøskredvarslinga til NVE, ber folk om å ikkje undervurdere faregraden.

– Det er eit utfordrande snødekke i store delar av landet no, spesielt Østafjells og i Troms og Finnmark. Det er krevjande å ferdast trygt for skiløparar som oppsøker skredterreng, både på faregrad to og tre. På faregrad to får ein ofte ikkje så opplagde fareteikn som på tre og oppover, men det er absolutt mogleg å løyse ut skred, seier ho.

Les også Her blir Bohuš tatt av snøskred: – Den mest skremmande augneblinken i livet mitt

Vedvarande svake lag

Noko av det som gjer situasjonen ekstra krevjande mange plassar er det ein kallar vedvarande svake lag. Desse oppstår i snødekke i kaldt vêr og er årsaka til mange skredulykker.

– Akkurat no har vi slike lag fleire stadar i landet. Desse gjer det veldig vanskeleg å vurdere skredfaren og risikoen for å løyse ut eit skred. Vi ber difor folk om å gjere konservative turval og vere ekstra forsiktige no, seier Barfod.

Emma Julseth Barfod i snøskredvarslinga til NVE.

Emma Julseth Barfod ved snøskredvarslinga ber folk om å sjå på skredproblema og ikkje berre faregraden på snøskredvarsla.

Foto: NVE

Dess meir snø som kjem oppå, dess vanskelegare blir det å sjå dei svake laga, fortel ho.

– Det som også gjer desse skreda ekstra farlege er at dei ofte kan bli store og at ein kan løyse dei ut frå slakare terreng. Du klarer ikkje å sjå laga frå overflata og må grave for å sjå om dei er til stades. Det blir ofte vanskelegare å løyse ut skred dess meir snø som kjemp oppå, men skreda kan då bli desto større om dei først losnar, seier Barfod.

Ho kjem difor med ei klar oppfordring til dei som har tenkt seg ut på topptur.

– Du må sjå på skredproblema og ikkje berre faregraden.

Barfod seier at ein må vere førebudd på at desse svake laga kan bli ei utfordring lenge.

– Problemet er at dei ikkje forsvinn så lett. I verste fall kan det vare heilt til våren enkelte stader. Fokksnø blir danna raskt når vinden står på, men stabiliserer seg når vinden minskar. Vedvarande svake lag tek derimot lang tid å stabilisere og trenger ofte å bli gjennomfukta for å bli øydelagt, eventuelt bli låst under hard skare.

Dei siste dagane har det vore mildvêr på delar av Vestlandet. Dette vil stabilisere snødekket.

Barfod seier det er spesielt viktig å unngå skredterreng så lenge vedvarande svake lag er eit problem. Skredterreng blir ofte definert som terreng som er brattare enn 30 grader. Oppdatert snøskredvarsel finn du her.

Skredterreng: Rødt viser løsneområder og gult og grønt viser utløpsområder.

Illustrasjonen viser såkalla startsoner og utløpssoner for snøskred.

Illustrasjon: NVE

Auka interesse

Sidan 2014 har minst 588 menneske blitt tatt av snøskred i Noreg, ifølge NVE. Tala varierer veldig frå år til år. Barfod trur det er store mørketal knytt til denne statistikken.

Likevel meiner ho at skredkunnskapen blant dei som ferdast i fjellet har auka mykje dei siste ti åra. Dei ser også at det er mange som bruker skredvarsla og som sender inn skredobservasjonar.

– Eg trur det er mykje større bevisstheit i befolkninga no enn før. Vi ser at det er mykje meir folk i fjellet no, likevel har det ikkje vore ein auke i talet på folk som døyr i skredulykker. Forhåpentlegvis er det mange som tek gode val.

Les også Jan må sleppe alt han har i hendene når det går eit skred

Jan Hafsås - frivillig i Røde Kors i Sunndal

– Ha det gøy i snøen

Trass i at Barfod ber folk om å vere forsiktige vektlegg ho likevel at det er mange gode moglegheiter til å ta skia fatt.

– Det finst mykje flott skiterreng som ikkje er skredterreng. Det er mange plassar det har kome mykje flott nysnø, spesielt i fjella på Austlandet. Så det er berre å kome seg ut og ha det gøy i snøen, men unngå skredterrenget!

Få fleire tips til ein trygg tur her:

Les også Gira på topptur? Her er 5 råd for å unngå snøskred

En skikjører kjører ned en fjellside.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL