Hopp til innhold

Her blir Bohuš tatt av snøskred: – Den mest skremmande augneblinken i livet mitt

Slovakiske Bohuš Roško var på topptur på Sunnmøre då han utløyste eit stort flakskred. No åtvarar han andre.

– Då eg forstod at det skjedde, at snøen brast rundt meg, skjønte eg at eg måtte vere fokusert på å beskytte meg sjølv.

Bohuš Roško er svært prega av snøskredet som han plutseleg stod midt oppi førre veke.

Berre minutt før verka alt heilt perfekt. Han og fire kameratar frå Tsjekkia og Slovakia var på ein draumetur i strålande forhold på Nordre Smørskredtind i Sunnmørsalpane.

– Det var nydeleg. Vi blei verkeleg forbløffa over kor vakkert det var.

Han har vore mykje i fjellet og dei hadde planlagt turen godt. Dei hadde sjekka skredvarslinga på førehand, og sørga for at forholda der dei skulle gå var ok.

– Vi prøvde å gå for noko som ikkje var bratt. Vi hadde radio og snøskredutstyr med oss og vi heldt avstand slik at vi kunne redde kvarandre, seier Roško.

Men så skjedde det. Snøen rundt han flaka seg opp.

Her skjønner Bohuš Roško at han har utløyst et snøskred.

Her skjønner Roško at han har utløyst eit skred.

Foto: skjermdump

Reagerte først etterpå

Først prøvde han å køyre ut av skredet, men så skjønte han at det var for stort til at han greidde det. Så mista han balansen. Da handla alt om å halde hovudet kaldt.

– Eg måtte hugse å beskytte kroppen min, ikkje gløyme å utløyse skredsekken, sleppe skistavane og prøve å få av skia.

Bohuš Roško havna midt i snøskredet.

Plutseleg skjer alt på ein gong for Roško.

Foto: skjermdump

På sidelina stod kompisane og såg på. Då dei skjønte at han var like heil, pusta dei letta ut. Men Roško følte ikkje på redselen før etter at skredet hadde stoppa.

– Eg vart først redd etterpå. Eg tenkte kanskje at eit nytt skred kunne gå.

Heldigvis var dramatikken over. I ettertid har han tenkt mykje på korleis det heile gjekk for seg.

– Trur du skredsekken redda livet ditt?

– Det er vanskeleg å seie.

Stemma hans brest. Han må ta ein pause før han held fram:

– Eg trur det. Eg hamna i alle fall ikkje under snøen. Eg trur det hjelpte mykje.

Skredsekken redda Roško fra å havne under snøen.

Skredsekken redda Roško frå å hamne under snøen.

Foto: skjermdump

– Han er heldig

Gustav Pless i snøskredvarslinga til NVE har sett videoen. Han seier at denne dagen var det eit vedvarande svakt lag i snødekket og at det var vanskeleg å oppdage.

– Det er eit stort skred. Det er eit relativt mjukt flak som har veldig stor forplantingsevne. Det er dette vi fryktar kan skje framover også, seier Pless.

Slike vedvarande svake lag kjem det til å vere i heile påska og dermed er det lett at skikøyrarar utløyser skred. Skredvarslinga tilrår difor at folk unngår terreng brattare enn 30 grader.

Gustav Pless

Gustav Pless i snøskredvarslinga til NVE.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Pless seier dette kunne gått verre for den slovakiske skikøyraren, hadde han vore på ein anna stad med det han kallar terrengfeller.

– Han er heldig med at det var eit flott utløp på skredet. Viss det var skog under, hadde det gått veldig mykje dårlegare, seier Pless.

I store delar av landet er det framleis betydeleg snøskredfare. Fleire stadar er det også ekstra fare for naturlege utløyste skred.

Åtvarar folk

– Det var mitt første snøskred, og forhåpentlegvis mitt siste, seier Roško.

Han er no tilbake i Slovakia. Han har hatt litt vondt i kneet, men elles er den fysiske helsa ok. Psykisk bruker han enno litt tid på å sjå tilbake på det som skjedde.

– Det er den mest skremmande augneblinken i livet mitt. Då det skjedde var eg roleg, men i ettertid, når eg også har det på video, er det endå vanskelegare å kome seg igjennom.

- Ah, jeg ble akkurat født på ny. Det tok meg ned, seier Bohuš Roško etter at han kommer seg på beina.

– Ah, eg vart akkurat født på ny, seier Bohuš Roško etter at han kjem seg på beina.

Foto: skjermdump

Sjølv om han har mykje erfaring på topptur, og har brukt tid på å lese seg opp og førebu seg på eit eventuelt skred, så veit han at det kan skje alle. Han rår andre til å alltid ha med skredverktøy.

– Eg drar ikkje til fjellet utan skredverktøy. Det er dyrt, men dersom det er ein prosent sjanse for at det vil redde livet ditt, kjøp det.

Roško har ikkje blitt skremd vekk frå toppturar. Men han har snudd på tur før på grunn av forholda, og nøler ikkje med å gjere det igjen.

– Viss du ikkje er sikker, og til og med om du er sikker, tenk to gonger om du kanskje burde snu. For det er alltid ein anna eventyr du vil vere ein del av.

Bohuš Roško i nærheten av Kvitegga i Geiranger.

Bohuš Roško er ein ivrig turgåar sommar som vinter. Her er han på tur ved Geirangerfjorden ved ein anna anledning.

Foto: privat