Hopp til innhold

Jan må sleppe alt han har i hendene når det går eit skred

Når familien Hafsås gjer seg klar for påskeferie på hytta, er bilen pakka med skredutstyr. Pappa Jan må alltid vere klar for å reise.

Jan Hafsås - frivillig i Røde Kors i Sunndal

Jan Hafsås i Røde Kors er alltid klar for å rykke ut om det går eit skred. I tillegg til ski og skredutstyr er snøscooteren med på hytta i påska.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

– Litt arbeid kan det vere, men løna du får ved å vere med å hjelpe nokon, den er verdt det. Det seier Jan Hafsås i Røde Kors.

Han er utdanna som fagleiar for skred og har vore aktiv i hjelpekorpset i over 20 år. Går det eit snøskred ringer telefonen, og han er klar for å hjelpe politiet i redningsaksjonen.

– For meg er det verdt å bruke fritida si på dette her.

Jan Hafsås - frivillig i Røde Kors i Sunndal

Hafsås i Røde Kors har passa på at alt er på plass i bilen før dei reiser. Utstyret må vere klart når det går eit skred.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Skredfare i fjellet

Førre veke gjekk det 11 snøskred på ein dag i Møre og Romsdal. Naudetatane reiste frå skred til skred. Dei var på brestepunktet. Dagen etter miste tre franske turistar livet i eit snøskred i Lyngsalpane i Troms.

Trass i den vedvarande skredfaren har starten på påska vore roleg for redningsmannskapa. Men den varme påskesola gjer fjellet farlegare.

– Vi har eit veldig krevjande snødekke i store delar av landet. Vi har det vi kallar vedvarande svake lag, som er veldig ustabile lag, høgt i snødekket. Når temperaturen no stig, blir det allereie ustabile snødekket svekka enda meir, seier Emma Julseth Barfod i snøskredvarslinga til NVE.

Les også: Til fjells i påsken? Ver obs på snøskred!

Ukjent randonee-løper på Gaustatoppen
Ukjent randonee-løper på Gaustatoppen

Treng fleire

Hafsås skulle gjerne hatt fleire med seg på laget. Han meiner det er vanskelegare og vanskelegare å få folk til å vere med på frivillig arbeid.

– Det er konstant behov for spesielt skredkompetanse, men også generelt innan søk og redning. Det blir meir og meir populært å gå på topptur, og redningsaksjonar blir stadig vanlegare.

Jan Hafsås - frivillig i Røde Kors i Sunndal

Til vanleg er dei to skredekspertar på Nordmøre, men ein av dei er på eit lenger opphald utanlands. Jan er difor alltid på vakt.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vil fjerne avgiftsordningar

Hilde Brandshaug Vikås er tilsett i Røde Kors i Møre og Romsdal. Ho seier dei har mykje kompetanse på skred, og folk frå heile landet kjem dit for å lære av dei beste. Men ein vil alltid trenge fleire frivillige.

Hilde Brandshaug Vikås i Røde Kors

Hilde Brandshaug Vikås i Røde Kors seier dei som er fjellvant og kan førstehjelp, kan melde seg på kurs for å bli skredekspertar.

Foto: Privat

– Dei frivillige er den beste lokale resursen. Fordi vi er til stades i kvar bygd og i kvar ein krok.

Ein av tiltaka ho meiner styresmaktene kan gjere for å legge betre til rette for det frivillige arbeidet er å fjerne avgiftsordningar på køyretøy.

– Ein bil som blir bruka i eit gravferdsbyrå er unnateke frå avgifter. Men køyretøy som er brukt i redningsaksjonar av Røde Kors, er ikkje det. Det jobbar vi for å endre.

Sjå video:: Her blir Bohuš tatt av snøskred: – Den mest skremmande augneblinken i livet mitt

Rosar dei frivillige

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Hans-Petter Aasen, peikar på at departementet i år bevilgar 60,9 millionar kroner til organisasjonane i redningstenesta. Og at regjeringa har føreslått for Stortinget å dekke driftskostnadar til 2000 nye naudnettsterminalar for dei frivillige organisasjonane.

Statssekretær Hans-Petter Aasen (Sp).

Statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Hans-Petter Aasen, seier Røde Kors og andre frivillige organisasjonar er ein heilt sentral del av redningstenesta.

Foto: Justis- og beredskapsdepartementet

På den måten styrkar ein dei frivillige si moglegheit til effektiv kommunikasjon i søk- og redningsaksjonar.

Han seier regjeringa også vil gå inn for å gi full momskompensasjon til frivillige organisasjonar.

Jan Hafsås sine tips til påsketuren

Hafsås håpar han får tid til nokre turar i fjellet for sin eigen del også i påska.

– Det er mykje snø, vi tek gode val og det finst mange fine turar som ikkje er for bratte.

Han minner om at ein tenkjer over kva ruter ein vel når ein går i fjellet, og seier fjellvettreglane er gode å ha med seg. Han seier også at det er viktig å ikkje berre sjekke faregraden for snøskred, men også lese tekstvarselet.

Jan Hafsås - frivillig i Røde Kors i Sunndal

Det er mykje snø i fjella i Sunndal i påska. Her er det mange populære turmål.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK