Hopp til innhold

Åtvarar mot trefelling nær høgspentlinjer

Selskapet Elinett fryktar at liv kan gå tapt fordi personar fell tre for nær høgspentlinjer. Kvart år opplever selskapet at folk kutter ned tre som fell over linjene. No har det skjedd to gonger på kort tid.

Seinast i helga opplevde dei eit straumbrot som følge av at nokon hadde felt eit tre som fall over ei høgspentlinje. Det førte til at kundar på Sekken var utan straum i fleire timar.

Even Blakstad, avdelingsleiar for kunde og kommunikasjon i Elinett, seier dei blei kontakta av ein mann som hadde felt treet. Konsekvensane kunne blitt mykje større, seier Blakstad.

– Eg vil seie at han var heldig. Når du kjem i kontakt med ei høgspentlinje så utsett du deg sjølv for livsfare. Han har heldigvis trekt seg unna og fekk klar beskjed om å ikkje prøve å fjerne treet sjølv. Det gjekk bra, der og då, men det vil få eit etterspel for denne personen.

Blakstad vektlegg at i tillegg til faren som det utgjer, både for dei som fell treet og montørar i Elinett som må rydde opp, så kan det også få ein økonomisk konsekvens.

– Skal du jobbe nærare enn 30 meter frå ei høgspentlinje så må du kontakte ditt lokale nettselskap. Dersom du jobbar ulovleg så er du ansvarleg for dei kostnadane du påfører eit nettselskap. Og vi har tilfelle på 100.000 kroner som folk har måtte erstatte. Så eg ber folk om å tenke seg nøye om.

Leder for kunde og kommunikasjon i Elinet, Even Blakstad ved et tre
Foto: Ann Eli Nøsen / NRK