Hopp til innhold

Åtvarar mot sommardekk

Det er for glatt for bilar med sommardekk å køyre over Strandafjellet, meiner ein innringar. Han seier det er snødekke og snødriv over fjellet, og åtvarar bilistar som ikkje har skodd bilane sine med vinterdekk, om å ikkje legge i veg over fjellet. Tidlegare har vi også fått meldingar frå bilistar om glatt vegbane og åtvaring mot sommardekk over Fursetfjellet.

Snø over Strandafjellet
Foto: Dagfinn Vågsæter