Dronning Sonja. Foto: Scanpix
Kjem 16.juli
Slottet har stadfesta at Dronning Sonja kjem for å motta prisen 16. juli.
Festivalsjef Stein P. Aasheim meiner den svært turinteresserte dronninga er eit førebilete for det Norsk Fjellfestival står for.Ho har ekte interesse for enkle turar i fjellet og denne stikk djupt. Difor er ho ein fantastisk ambassadør for det vi står for og det at ho kjem til Åndalsnes for å motta prisen ser vi ¨på som ei anerkjenning av festivalen,seier ein stolt Stein P Aasheim
Ulvang og Brende
Tidlegare har mellom andre skiløparen Vegard Ulvang og tidlegare miljøvernminister Børge Brende fått prisen.
Norsk Fjellfestival blir arrangert 11. - 17. juli og i fjor deltok over 6000 personar på festivalen.