Hopp til innhold

Arbeidet med opprusting må starte no

Forfallet i Godøytunnelen er så stort at det hastar med ei oppgradering.

Ole Jan Tønnesen og rustne festebeslag

Avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen viser fram rustne festebeslag frå taket i Godøytunnelen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Fylkestinget skal før sommaren avgjere om dei skal nøye seg med ei oppgradering til 35 millionar eller ei totalrenovering til 360 millionar. Det er ei liknande renovering som Fannefjordtunnelen nyleg har vore gjennom.

– Uansett hastar arbeidet og kan kome i gang straks over nyttår, seier avdelingsdirektør Ole Jan Tønnesen i Statens vegvesen.

Han fortel at det er snakk om betre nødkommunikasjon, betre lys, havarilommer, og vatn- og frostsikring.

Må vere ferdig til 2025

Godøytunnelen

Om kort tid avgjer fylkestinget kor omfattande renoveringa av Godøytunnelen skal vere.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det hastar mest med Godøytunnelen, men det gjer det også for 29 andre tunnelar i fylket. Men førebels er det tunnelar over 500 meter det blir gjort noko med.

– Det med rømming og brannventilasjon er litt annleis når tunnelane er kortare, seier Tønnesen.

Men nyare og lengre fylkesvegtunnelar som Øksensdalstunnelen, Atlanterhavstunnelen og Eiksundtunnelen står også på oppgraderingslista.

For dei 30 tunnelane det gjeld i Møre og Romsdal er kostnaden for full oppgradering over 770 millionar kroner. Fylkeskommunen har søkt om utsett frist, men før 2025 må arbeidet vere fullført.

Nye krav gjeld også riksvegtunnelane, og går mellom anna på lengda på tunnelen og kor store trafikktala er.

Stadig meir fokus på tryggleik

– Det har skjedd ei stor utvikling og blitt mykje merksemd rundt tryggleik i tunnelar, fortel Tønnesen, og kan vise til fleire hendingar, ulykker og brannar i tunnelar siste tida.

Seinast i går var det brann i ein tunnel i Hordaland.

– Det er viktig å tenke tryggleik i tunnelar, ikkje fordi det er større fare for at noko skjer der, men fordi konsekvensane kan vere større.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL