Vegvesenet reknar med at arbeidet med tunnelane skal vere ferdig i august 2008, seiert prosjektleiar Richard Lunheim.
Trafikken i arbeidsperioden
Medan arbeidet pågår, blir trafikken gjennom tunnelane sterkt redusert.Vegvesenet legg opp til at det skal vere fri ferdsel i rushtidene om morgonen og ettermiddagen. Elles på dagtid blir det kolonnekøyring. Tunnelane blir stengde når det skal sprengjast og reinskast etter sprenging, og når det skal sprøytast betong. Dette skal gjerast om kvelden og natta.
Vegvesenet vonar også på å få til eit utvida hurtigbåttilbod slik at det skal vere enklare for folk å komme seg fram og tilbake.
Omfattande arbeid
Blant anna skal det byggjast ny snunisje i begge tunnelane, det skal byggjast nytt kvelv til sikring mot vatn og frost, og det skal monterast nytt lysanlegg.
Det skal sprengjast og køyrast ut 2 500 kubikkmeter masse. Arbeidet er budsjettert til om lag 250 millioner kroner.
Det er enno usikkert om arbeidet skal gå samtidig i begge tunnelane eller om den eine tunnelen skal gjerast ferdig først. Kven som skal gjere arbeidet, er ikkje klart før Vegvesenet er ferdig med ein anbodsrunde i juli/august i år.