Hopp til innhold

Apotek fjernar nasespray frå hyllene

Apotek i heile landet tar i dag bort nasesprayen Viiral frå butikkhyllene, etter at det vart kjent at studiet bak sprayen ikkje er til å stole på.

Viiral

Fleire apotek fjerna nasesprayen frå hyllene, men hos Apotek 1 får den stå.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Oppdatering: Tysdag valde også Apotek1 med sine 400 apotek å ta Viiral ut av sal midlertidig.

Den sunnmørsutvikla nasesprayen skal førebygge smitte av forkjølingsvirus, men Helsetilsynet meiner at studien som skulle bevise at sprayen verkar var ulovleg. Forskinga mangla førehandsgodkjenning, var ikkje forsvarleg og organiseringa var ikkje god nok, ifylgje Helsetilsynet.

No fjernar apotek i heile landet produktet frå hyllene.

– Vi har valt å ta Viiral midlertidig ut av hyllene våre medan forholda rundt studien blir avklart, seier kommunikasjonssjef i Boots apotek, Anne Margrethe Aldin Thune. Dei har 158 apotek rundt om i landet.

Dag Hårstad i Molde

Dag Hårstad, administrerande direktør i Sykehusapotekene Midt-Norge, seier at dei ikkje tar stilling til godkjenningsordninga, men at dei tar nasesprayen ut av hyllene i dag.

Foto: Magnus Peter Harnes / NRK

Nasesprayen blir også selt i sjukehusapoteka. Dag Hårstad, administrerande direktør i Sykehusapotekene Midt-Norge, seier at dei tar nasesprayen ut av hyllene i dag.

– Vi gjer det etter føre-var prinsippet. Vi tar ikkje stilling til godkjenningsordninga, seier Hårstad. Også ved dei 17 sjukehusapoteka i Helse Sør-Øst blir produktet tatt ut av sal, inntil vidare. Det same gjeld sjukehusapoteka i Bergen, Førde, Stavanger og Haugesund.

Årets innovatør

Apotek 1-tilsette kåra Viiral som årets innovatør i 2018. Kjeda skal halde fram med å selje produktet som før.

– Viiral blei godkjent og tatt inn i sortimentet på bakgrunn av fleire studie, ikkje berre SAS-studien, seier fagrådsgivar Mia Meland i Apotek1. Dei har vore i dialog med Viiral som vil legge fram meir solid dokumentasjon på nasesprayen.

Viiral har søkt om å sette i gang ein ny studie over nyttår med 550 personar.

Glad for at apoteka tar ansvar

Rønnaug Larsen

Rønnaug Larsen, leiar i Noregs Farmaceutiske foreining, synest det er bra at apoteka tar ansvar.

Foto: farmaceutene.no

Rønnaug Larsen er leiar i Noregs Farmaceutiske foreining. Ho synest det er bra at apoteka tar ansvar.

– Det er kjempefint at dei trekker tilbake produkt dei ser dei kanskje ikkje burde selt, seier ho.

Ho vil ikkje kommentere enkeltprodukt, men meiner at helseprodukt som ikkje er merka som legemiddel, krev ekstra oppfølging av apoteka fordi ein eigentleg ikkje veit korleis dei verkar. Dette gjeld til dømes dei som er CE-merka og dermed klassifisert som medisinsk utstyr, som Viiral.

– Det er ekstra viktig at desse produkta blir kvalitetssikra av apoteka før dei tar dei inn, og det reknar eg sjølvsagt med at dei blir, seier ho.

Dagleg leiar Frode Fagermo understrekar at Viiral meiner det først og fremst er mangelen på ein søknad helsetilsynet har reagert på, og at dei ikkje har uttalt seg om eigenskapane til produktet.