NRK Meny

Ammoniakkskadde til observasjon

Seks av pasientane som blei sendt til sjukehus etter ammoniakkutsleppet i dag tidleg blir liggande til observasjon over natta. Tre andre er skrivne ut og sende heim. Det opplyser Helse Møre og Romsdal. Ni personar blei eksponert for den farlege gassen i samband med ein lekkasje ved meieriet i Ålesund.