Hopp til innhold

Alt klart for NM i helga

Til helga blir det fullt køyr på Skaret i Molde. Då er det duka for NM kombinert og NC hopp.

Skaret

Denne helga arrangerast NM i kombinert på Skaret i Molde.

Foto: Jens Petter Straumsheim

Om lag 85 utøvarar er denne helga samla på Skaret i Molde for å delta på NM kombinert og NM hopp. 30 av desse utøvarane skal delta på kombinert, medan dei 55 andre er spesialhopparar.

– Vi gler oss veldig. Vi har jobba med dette arrangementet i fleire månader så det er utruleg kjekt å endeleg kome i gang, seier Jens Petter Straumsheim.

Lokale talent

Jens Petter Straumsheim

Jens Petter Straumsheim ser fram til NM på Skaret i helga.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Straumsheim garanterer svært gode skiforhold og trur det blir ei spennande helg.

– Vi har rikeleg med snø, og gode forhold, så dette blir bra, seier han.

Han har stor tru på dei lokale talenta som skal delta under helgas turnering.

– Eg trur dei kan prestere veldig godt. Vi har fleire utøvarar som har gjort det bra i junior-NM og i nordisk, så eg trur dei skal bite godt frå seg i helga, seier Straumsheim.

Gler seg

Ein av dei lokale utøvarane som skal delta under helgas NM i Molde er Petter Løset Skodjereite ifrå Stordalen.

– Det ser fint ut. Det er litt vind i kasta akkurat no, men det blir veldig bra dette her, seier han.

Skodjereite har hatt mykje trening i bakken og gler seg til NM i helga.

– Eg har hoppa her ein del, og det er ein veldig fin bakke. Eg er i bra form og har hoppa bra i det siste. Langrennsforma har vore litt varierande, men eg trur eg kan prestere gode resultat, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL