Hopp til innhold

Står på venteliste for å få revekostyme

Arne Inge Oksnes har selt kostyme i 35 år. Aldri har han opplevd ein slik farsott som no.

ylvis

Etter at Ylvisbrørne klatra på hitlistene med «The Fox», har salet av revekostyme eksplodert.

Foto: STEVE MARCUS / Reuters

Revekostyme

Dette er kostymet Arne Inge Oksnes i Ålesund stadig går tom for. No ventar han inn ein ny leveranse.

Foto: Bristol Novelty
Arne Inge Oksnes

Arne Inge Oksnes har drive med kostymesal i 35 år. Aldri har han opplevd at eit enkelt kostyme har vore så populært som revekostymet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK
Ruben C. Roman på butikken sin

Ruben C. Roman selde 200 sett med revehaler på ein føremiddag.

Foto: Rubens Skattkammer AS

I kostymebutikken i Ålesund heng ulvekostyme, gorilla, hund og ku, men ingen rev. For tredje gong på kort tid har eigar Arne Inge Oksnes bestilt inn nye revekostymer frå England, men dei vert rivne bort før dei kjem i butikken. Ylvissonggen «The Fox» er grunnen til at drakta er så etterspurt, og at folk står på ventelister for å få tak i den.

– Dette er den største suksessen eg har hatt sidan oppstarten for 35 år sidan, ler Oksnes.

Han har også netthandel og sender draktene rundt om i heile landet.

Slit med å skaffe fleire

Tendensen er den same i andre butikkar som sel utkledningsklede. I kostymebutikken Festmagasinet Standard i Oslo er det stor etterspurnad etter revedrakter i alle variantar.

– Vi er heilt tomme og slit med å skaffe fleire, seier Helge Lindholm.

Kvar einaste dag kjem folk innom butikken eller ringer for å spør etter revekostyme. Og det er slett ikkje barn som skal kle seg ut som revar. Kundane er vaksne.

Forsto at det vart suksess

Ved Rubens skattkammer i Bergen forsto dei raskt at dei måtte smi medan jarnet var varmt då revesongen til Ylvis fekk stadig fleire klikk på Youtube. Dei har revekostyme heile året, men no har innehavar Ruben Roman bestilt inn revekostyme frå alle stader han kunne få tak i dei.

– Berre på ein føremiddag selde vi rundt 200 sett med revehaler og hårbøylar, seier Roman.

Heile verda er begeistra

Roman har forstått at det er mangel på revekostyme over heile verda no. Sjølv bestilte han både frå England, Tyskland, USA og Belgia. Det betyr at han har kostyme på lager.

– Det er ingen tvil om at draktene vil forsvinne fort ut av butikken, seier Roman.

Får inn meir

I Ålesund går Arne Inge Oksnes og ventar på ein ny leveranse av revekostyme i posten. Han var slett ikkje like framsynt som kollegaen i Bergen.

– Eg hadde overhovud ikkje trudd at revekostyme skulle bli så populært. Dette har tatt heilt av, seier Oksnes.

Her kan du sjå The Fox:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL