Carl Fredrik Hellevang Larsen gjekk sigrande ut av konkurransen i går. Her saman med Vegard Ylvisåker
Foto: Anette Torjusen / NRKI går kveld gjekk altså Carl Fredrik Hellevang-Larsen av med sigeren i konkurransen på TVNorge.
Etter å ha konkurrert jevnt med Ylvis-brørne gjennom over ni veker i haust, var det ein variant av benkpress som til slutt avgjorde kven som kunne stikke av med den store premien.
Før siste konkurranse låg deltakarane heilt likt, men det var altså bergenskomikaren som har vore medprogramleiar i serien som trakk det lengste strået.
Calle Hellevang Larsen er frå før kjent frå humorgruppa Raske Menn, men har også jobba tett med Ylvis-brørne.
Begeistra ordførar
Det var tidlegare i år at kommunen fekk spørsmål om dei hadde ein liten vegstubb som mangla namn og som kunne vere premie i konkurransen.
Ordføraren sa den gongen at dei var begeistra for reklamen det ville gi kommunen å få omtale på tv fleire gongar i veka gjennom heile haustsesongen.
Skilt-dugnad
Averøy kommune har også tidlegare fått merksemd i Ylvis-brørne sine program.I 2011 samal bergensduoen inn pengar til nytt vegskilt ved ein rasteplass i kommunen.
Den gongen blei det stor merksemd rundt nordmørskommunen, både før og etter at skiltet kom på plass.
Ordførar Ann-Kristin Sørvik i Averøy.
Foto: Trond VestreOrdførar i Averøy, Ann-Kristin Sørvik, var tilstades under sendinga i går og oppmoda vinnaren om å stelle litt på plassen som skal bere namnet hans.