Ålesunds-forfattar vann 300.000

Sunniva Relling Berg vann i dag Stiftelsen Kjell Holm sin kulturpris. I tillegg til prisen fekk ho 300.000 kroner.

Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg mottok Kjell Holms kulturpris ved Sunnmøre Muesum måndag.

Foto: Privat

Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg avgjorde allereie på ungdomsskulen at ho skulle bli forfattar.

Foto: Samlaget

Det var på grunn av hennar debutroman «Utfor» som kom ut i 2011 at Sunniva Relling Berg fekk kulturpris av Stiftelsen Kjell Holm.

Debutromanen gjorde òg at Relling Berg blei nominert til Brageprisen.

24-åringen frå Ålesund fekk tildelt pris og prispengane på 300.000 kroner under Kjell Holms dag på Sunnmøre Museum måndag.

– Eg er utruleg takksam overfor stiftelsen som har gjeve meg sjansen til å «kjøpe» skrivetid eg elles ikkje hadde hatt samvit til å bruke, seier Relling Berg til Sunnmørsposten.

Formålet med Stiftelsen Kjell Holm er, ifølgje nettsidene, å: «Støtte og utvikle kulturelle og samfunnsgagnlege tiltak, i første rekke slike som er knytt til stiftaren sin fødeby Ålesund og/eller til den freda gamle garden Sandbu i Våga».