- Møre og Romsdal er eit tyngdepunkt innan barne- og ungdomslitteratur

Møre og Romsdal er i landstoppen når det gjeld barne- og ungdomsbokforfattarar. Forfattarveteran Ragnar Hovland snakkar om ei bølgje.

Ragnar Hovland

Forfattar Ragnar Hovland skryt av forfattarar frå Møre og Romsdal

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Maria Parr

Forfattar Maria Parr frå Vanylven

Foto: Siri Juell Rasmussen / Samlaget

Maria Parr frå Vanylven er allereie godt etablert, både som forfattar og som inventar i bokhyller kring om i landet. Boka " Vaffelhjarte " har også blitt fjernsynsserie, med stor suksess på NRK.

Walgermo til seks land

Alf Kjetil Walgermo

Forfattar Alf Kjetil Walgermo frå Ørskog

Foto: Tone Leksbø / Cappelen Damm

Ungdomsromanen " Mitt bankande hjarte " av Alf Kjetil Walgermo frå Ørskog skal no kome ut i seks land. Avtalar om utgjevingar er teikna med forlag i Frankrike, Tyskland, Sverige, Danmark, Island og Nederland. Boka handlar om ei hjartesjuk jente som er nesten 14 år og forelska.

Litterær kvalitet

Åse Pernille Gjerde er ansvarleg for barne- og ungdomslitteratur ved Ålesund Bibliotek, avd Moa. Ho er fornøgd med å kunne tilrå lokal litteratur til unge leselystne.

Fornøgd barne- og ungdomsansvarleg

Aase Pernille Gjerde, barne-og ungdomsansvarleg ved Ålesund Bibliotek, avd. Moa

Foto: Håvard Ketil Sporsheim / NRK

– Mange av del lokale forfattarane frå Møre og Romsdal held høg kvalitet. Av nyare ungdomsbøker vil eg trekkje fram " Utfor " av Ålesundaren Sunniva Relling Berg, seier ho.

Relling Berg debuterte med boka i fjor, og blei også nominert til Brageprisen for debuten.

Litterært tyngdepunkt

Forfattar Ragnar Hovland frå Bergen har ein omfattande produksjon bak seg. Han har og vunne mange prisar for sine ungdomsbøker. Han seier Møre og Romsdal har utvikla seg til å bli eit tyngdepunkt i Noreg i denne sjangeren.

– Det kan eg absolutt vere med på. Frå før har mellom Sunnhordland og Odda etablert seg som litterære tyngdepunkt, utanfor Oslo og Bergen. Eg ser at Møre og Romsdal no etterkvart har utvikla seg til å bli eit tyngdepunkt, seier han.