Hopp til innhold

Nominert til Brageprisen

Sunniva Relling Berg frå Ålesund er nominert til Brageprisen. Det er også Mette Karlsvik frå Frei.

Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg er nominert til Brageprisen med sin debutroman «Utfor».

Foto: Samlaget

Sunniva Relling Berg er nominert til Brageprisen med sin debutroman «Utfor». Boka er ein spenningsroman for ungdom.

– Det er ei stor ære vere nominert. Berre å vite at nokon har lese den og vurdert den til å vere god nok, synest eg er fint, seier 23-åring frå Ålesund.

Tre konkurrentar

Brageprisen er ein av dei viktigaste litterære prisane i Noreg, og har som mål å heidre gode norske forfattarar og skape interesse for norsk litteratur.

Relling Berg konkurrerer med forfattarane Inga Sætre, Sverre Knudsen, samt Bjørn Arild Ersland og Hilde Kramer, om prisen i kategorien for barne- og ungdomsbokforfattarar.

Frå bokmål til nynorsk


Relling Berg har vakse opp i Ålesund og har hatt bokmål som hovudmål. Debutroman «Utfor» har ho skrive nynorsk. Boka kjem også ut på nynorskforlaget Samlaget.

– Eg oppdaga at eg hadde litt gamaldags bokmål i mi eiga skriving. Eg gjekk over til nynorsk og blei utfordra til å skrive meir munnleg. Det blei meir moderne, og dette har vore bra for skrivinga mi, seier ho som vil halde fram med å skrive.

– At nokon setter pris på boka mi no, gir meg motivasjon til å skrive vidare, seier ho.

Karlsvik nominert innan skjønnlitteratur

Mette Karlsvik

Mette Karlsvik frå Frei kan vinne Brageprisen med romanen «Bli Bjørk».

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Mette Karlsvik frå Frei på Nordmøre er nominert for sin roman «Bli Bjørk» i kategorien skjønnlitteratur.

Ho konkurrerer mot Tomas Espedal, Mette Karlsvik, Ingvild H. Rishøi og Gunstein Bakke om den gjeve prisen.

Det er stor førehandsinteresse for boka til Karlsvik, som vert lansert 23. november.

«Bli Björk» er ein roman om Björk og familien hennar i tida før Björk slo gjennom som internasjonal artist.

Prisen blir delt ut 24. november.