Hopp til innhold

– Nynorsken gjorde skrivinga meir munnleg

Forfattaren Sunniva Relling Berg frå Ålesund har gitt ut si første bok. Boka heiter «Utfor», og er ein spenningsroman for ungdom.

Sunniva Relling Berg

Sunniva Relling Berg har gitt ut seie første bok «Utfor». No held ho også skrivekurs for ungdom.

Foto: Tove Breistein / Samlaget

Boka handlar om å finne seg til rette i eit nytt miljø. Hovudpersonen er ei ung jente. Og Sunniva Relling Berg oppdaga at ho ville bli forfattar då ho sjølv gjekk på ungdomsskulen.

Det var då eg gjekk på ungdomsskulen at eg oppdaga at eg likte å skrive. Eg hadde skrive lengre ting som kunne virke som romanar. Eg hadde lyst til å få nokon til å lese det. Men eg turte ikkje å vise det til foreldra mine eller til venene. Det kan no gjerne vere litt skummelt. Difor sende eg det inn til eit forlag, og det var då eg tenkte at eg ville bli forfattar, fortel ho til NRK.

– Må ikkje setje sperrer

No held Sunniva Relling Berg skrivekurs for dei som går på ungdomsskulen. Ho legg vekt på at det er viktig at ungdom brukar fantasien sin når dei skal skrive.

Dei må ikkje setje sperrer for kva dei skriv. Det er viktig at dei ikkje stoppar seg sjølv når dei skal kome på noko. Av og til kan det vere vanskeleg å finne inspirasjon, og då merkar eg at det er viktig å ikkje setje nokon sperrer i den første fasen av skrivinga. Etterpå kan dei gjerne arbeide vidare med det og redigere i stoffet, seier ho.

– Skreiv om medelevar

Det er på den gamle ungdomsskulen sin, Kolvikbakken i Ålesund, at Sunniva Rellingberg hadde skrivekurs i dag. Det blei ekstra spennande for henne.

Det var veldig kjekt. Eg fekk snakke med elevane og fortelje om boka. Det var ekstra spesielt sidan eg har gått på denne skulen før. Eg kunne fortelje om notat som eg skreiv i timane, der eg beskreiv korleis elevane oppførte seg då eg gjekk der. Eg gav dei også oppgåver, og dei var så fantasifulle at dei skreiv mykje som eg ikkje kunne kome på på så kort tid, fortel Sunniva Relling Berg.

Lea hamna i intrigar

Boka ho har gitt ut no heiter «Utfor». Ho handlar om ei jente som flyttar til ei lita øy. Jenta blir kasta utfor i ei rekkje situasjonar, der ho innser at ho har kome midt i ein intrige av løyndommar. Ungdomane som har budd på øya ei stund har noko dei ikkje vil seie til henne.

Ho må prøve å finne ut av dette. Så dette er ei spenningsbok for ungdom. Lea må finne ut ein del om seg sjølv og om øya ho har busett seg på, fortel Relling Berg.

– Nynorsk gjorde skrivinga munnleg

Sunniva Relling Berg har vakse opp i Hatlane i Ålesund. Dermed har ho hatt bokmål som hovudmål. Men når ho no gjev ut bok, har ho skrive nynorsk. Boka kjem også ut på nynorskforlaget Samlaget.

– Eg oppdaga at eg hadde litt gamaldags bokmål i mi eiga skriving. Eg gjekk over til nynorsk og blei utfordra til å skrive meir munnleg. Det blei meir moderne, og dette har vore bra for skrivinga mi, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL