Hopp til innhold

Aksjonerer mot nedbygging

I Volda er det etablert ein folkeaksjon for å arbeide mot nedbygging av sjukehuset og sikre at sjukehuset framleis skal ha akuttfunksjon.

Sjukehuset i Volda

Sjukehsuet i Volda står i fare for å verte nedbygd.

Foto: NRK

Tidlegare fylkesordførar Jon Aasen er vald til leiar for aksjonen, som mellom anna viser til at når Kvivsvegen står ferdig om to år, vil det utvide dekningsområdet for sjukehuset til å omfatte 50.000 menneske.

Les: Nedskjeringar på sjukehusa

- Nok er nok

Initiativtakar for aksjonen, Per Johan Ramsli, er svært glad for at fylkespolitikar og tidlegare fylkesordførar Jon Aasen tek oppgåva som leiar av folkeaksjonen.

Dei meiner at nedbygging av lokalsjukehusa er sterkt imot folkeviljen og skjer utan god nok demokratisk kontroll.

- Folkeviljen er samstemt om at vi ikkje vil ha noko svekking av sjukehuset i Volda, står det i ei pressemelding frå aksjonsgruppa.