Hopp til innhold

Aarøy kan gå til Japan

AaFK-tårnet Tor Hogne Aarøy kan vere på veg til Japan.

Video Aarøy-kontakt med japansk lag

PÅ VEG UT: Tor Hogne Aarøy kan vere på veg til Japan. Her frå ein kamp mot Molde.

Aarøy kan dermed bli den femte spelaren som forsvinn frå AaFK etter 2010-sesongen var over.

I følge TV2sporten skal det ha vore kontakt mellom sunnmørsklubben og ein japansk klubb, og hovudpersonen sjølv skal vere lysten på eit klubbskifte.

Til NRK seier Aarøy at AaFK har fått spørsmål frå ein japansk klubb, men han viser berre vidare til leiinga i klubben.

Klubbdirektør Henrik Hoff har sagt at det kjem meir informasjon seinare på dagen.

Spissen skåra tolv mål sist sesong, og har eit år att av kontrakta si.