Hopp til innhold

AaFK- AZ Alkmaar 2-1

AaFK leverte ein ny god kamp i Europaligaen mot nederlandske AZ Alkmaar. AaFK vann 2-1 og har dermed framleis håp om avansement til gruppespelet.

Barrantes

1-0 til AaFK

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

Kampen er slutt: 2-1 til AaFK. Spørsmålet er om det er godt nok til avansement. Kjell Rune Sellin hadde eit par gode halvsjansar på overtid.

90 min: På overtid no. Lagt til tre minutt !

81.min: AaFK veit det hadde gjort seg med eit mål til og set inn på Kjell Rune Sellin i staden for Magnus Sylling Olsen. Friske bein dei siste minutta kan vere lurt når dei nederlandske forsvarsspelarane vert slitne.

77.min: AaFk treng nok eit mål til for å ha eit godt utgangspunkt før returen, men har imponert likevel. Tangotrøyene seglar opp som det store cuplaget i norsk fotball i år med semifinale i NM og sterke prestasjonar i Europa.

73.min: 2-1 ! Barrantes igjen ! AaFk sin elegante midtbanesjef får eit innlegg frå høgre og på meisterleg vis greier han å score frå rundt 15 meter. Utsøkt scoring av tomålsscorar Michael Barrantes !

70.min: Stor sjanse for Alkmaar. Eit frispark går i tverrliggaren. AaFK-keeperen ser ut til å vere plaga av den låge kveldssola.

67.min:Mykje duellar på bana. Publikum ikkje alltid like einige i alt den sveitsiske dommaren gjer. Alkmaar tek ut målscorar Martens og set inn på Erik Falkenburg.

51.min: Gult kort til Jason Morrison (AaFK).

46.min: Då er det klart for 2.omgang. Solomon Okoronkwo har kome inn for dei oransje. Christian Myklebust har gått ut. 5646 tilskodarar i kveld opplyser speaker.

PAUSE: 1-1

43.min: Alkmaar med eit par hjørnespark mot slutten av omgangen. Det eine fører nesten til mål, men Grytebust får kontroll.

Alkmaar utliknar

Alkmaar utliknar.

Foto: Svein Ove Ekornesvaag / Scanpix

35.min:Alkmaar er som venta sikre med ballen i beina, og verkar farlegare etter scoringa. AaFK kjempar godt, men kampen står og bikkar litt no. AaFK treng eit mål til før pause.

30.min: Nederlendarane utliknar på den første sjansen dei har ved Martens. Gudmundsson skyt frå langt hald rett på keeper Grytebust som boksar ballen rett ut til Martens som headar sikkert i mål frå 7-8 meter.

Barrantes scorar mot Alkmaar

God opning for AaFK

Foto: Iver Bostad / NRK

19.min: AaFK har blod på tann no. Pressar på, og har blant anna to gode hjørnespark og ein stor sjanse når Phillips headar frå kort hald, men keeper reddar fint.

Barrantes

AaFK scora alt etter 12 minutt

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / Scanpix

12.min: Straffe til AaFK etter hands. Michael Barrantes set ballen midt i mål med stor kraft ! 1-0 til AaFK

2.min: Alkmaar opnar offensivt blant anna med to hjørnespark. AaFK verkar litt nervøse.

0 min: Strålande solskin i Ålesund når kampen startar. Alkmaar har imponert på trening før kampen. Mange trufaste AaFK-patriotar såg nederlendarane i aksjon på treningsfeltet, og vart imponert.

AaFK reknar med rundt 6000 tilskodarar i kveld. Klubbdirektør Henrik Hoff hadde håpt på rundt 8000.

AaFK har Sten Grytebust i mål med Enar Jääger og Jo Nymo Matland på backane. Jonathan Tollås Nation og Daniel Arnefjord i midtforsvaret.

På midtbana finn vi Fredrik Carlsen, Jason Morrison og Michael Barrantes.

Offensivt køyrer AaFK med Demar Phillips, Christian Myklebust og Magnus Sylling Olsen.

På benken: Jonas Sandqvist, Ville Jalasto, Sander Post, Kjell Rune Sellin, Fredrik Ulvestad, Lars Fuhre og Solomon Okoronkwo.