Hopp til innhold

Prisen for «Beste dokumentar» til Margreth Olin

Margreth Olin sin dokumentarfilm «De andre» gjekk heilt til topps under Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2013 i Volda.

Margreth Olin

Margreth Olin fekk prisen «Beste dokumentar» for sin dokumentarfilm «De andre» under Den Norske Dokumentarfilmfestival 2013 i helga.

Foto: Marius Dalseg / Dofilm

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2013 i Volda nærmar seg slutten for i år. Her har publikum fått med seg 66 dokumentarfilmar, 33 norske, 22 studentfilmar og 9 utanlandske.

Beste dokumentarfilm

Regissør Margreth Olin frå Stranda stakk av med den gjevaste prisen av dei alle, nemleg prisen for beste dokumentarfilm.

Filmen hennar, «De andre», fortel om ungdommar som kjempar for å behalde livshåpet.

I pressemeldinga frå «Dokfilm», står det at «De andre» set spørsmålsteikn ved kva som skjer når ein bryt etiske grunnprinsipp. Filmen handlar nemleg om unge asylsøkarar i Noreg som vil bli i landet, men som blir sendt tilbake der dei kjem frå etter fylte 18 år.

Les også:

– Filmen fortel ei usedvanleg viktig historie

Juryen i Den Norske Dokumentarfilmfestival 2013, som i tillegg til juryleiar Egil Ødegård, består av Stina Gardell og Ulrik Eriksen, grunngjev prisen med at filmen er sterk og nær, og at han kan til tider verke svært provoserande.

– «De andre» er ei fantastisk fin og sterk skilding, som med små og skjøre visuelle grep forsterkar og hevar forteljinga slik at det verkeleg blir merka, skriv juryen .

– I ei tid der det er vanskeleg å sjå individa bak media si skildring av unge innvandrarar, klarer filmskaparen å nå fram til oss med sterke, intime møter, og får oss til å sjå individa med auge som gjer at vi ønskjer å vere hjå dei.

Juryen skriv vidare at i tillegg til at Margreth Olin fortel ei usedvanleg viktig historie med filmen «De andre», er det også ein svært gjennomført film filmatisk sett.

Margreth Olin vann også pris for beste norske dokumentar, med filmen "De andre", under Bergen Internasjonale Filmfestival i fjor haust.

Her kan du sjå Margareth Olin i Store Studio i 2009