Hopp til innhold

 – Gondol negativt for naturen

Sjølv om bygginga av Sula gondol legg til rette for utviklinga av Langevåg sentrum, får prosjektet ei rekkje negative konsekvensar for natur og friluft, meiner Statsforvaltaren. Inngrepet gir betydeleg miljøskade for fjellhei og sterkt trua kystlynghei. Det får konsekvensar for trua fugleartar og trua myrområde, skriv Statsforforvaltaren i sitt høyringssvar. Dei peikar også på at konsekvensane for folkehelsa ikkje er godt nok greidd ut og støyproblematikk. – Konsekvensen av Statsfovaltarens motsegn er at kommunen ikkje kan vedta områdeplanen, skriv dei i ei pressemelding.

Illustrasjon av Sula gondol toppstasjon
Foto: Snøhetta/ Sula gondol

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL