Hopp til innhold
Slik blir den nye gondolen som er planlagt på Sulafjellet.
Foto: Pressefoto, Flakk Group

Gondolbane i Sula

  • Gondolsaka er utsett

    Det blir likevel ikkje behandling av den omstridde gondolsaka i Sula denne månaden. Det melder Sunnmørsposten. Saka skulle etter planen opp i plan- og miljøutvalet neste veke, og deretter i kommunestyret 8. februar, men no er saka utsett.

    I ein e-post skriv kommunedirektør Bente Glomset Vikhagen til avisa at administrasjonen treng meir tid til å utarbeide eit godt og gjennomarbeida dokumentunderlag for saka. Slik dei vurderer det no er det realistisk at saka kan bli lagt fram til politisk handsaming i løpet av april.

  • Har kome med nytt tilbod

    Flakk Gruppen har kome med eit nytt tilbod til dei 13 grunneigarane i samband med den planlagde gondolbana i Sula. Ifølge Sunnmørsposten har dei som ikkje ønskjer å selje eigedommen sin fått eit tilbod om eit eingongsvederlag sett til 20 prosent av marknadsverdien.

    Dei som derimot ønskjer å selje vil få ein innløysingssum sett til 120 prosent av marknadsverdien, skriv avisa.

    Sjølve gondolsaka skal bli behandla i plan- og miljøutvalet i slutten av januar og kommunestyret i februar.

    Illustrasjon av Sula gondol toppstasjon
    Foto: Snøhetta/ Sula gondol
  • Sula Ap seier nei til gondol

    Sula Arbeidarparti seier nei til at det kan byggast ein gondolbane frå Langevåg til Sulafjellet. Det skriv Sunnmørsposten.

    Flakkgruppen kjem aldri til å kome i mål med denne saka, seier tidlegare ordførar Jim Arve Røssevoll, og meiner det beste er å få ei rask avslutning på gondolsaka.

    Han viser til at Statsforvaltaren har kome med motsegn og at fylkeskommunen har kome med kritiske merknader til planane.

  • Sula-ordførar tek gondol-utspel til orientering

    Ordførar i Sula kommune, Turid Humlen frå Høgre, seier både kommunen og partiet vil jobbe vidare med gondolsaka etter statsforvaltaren sitt høyringssvar som vart offentleggjort onsdag.

    – Vi vil bruke tida framover til å setje oss godt inn i saka, so er vi klare til å ta ei avgjerd når saka kjem opp for kommunestyret, seier Humlen.

    Høgre har vore generelt positive til dei omstridde gondolplanane på fjellet, men har ikkje låst nokon av kommunestyrerepresentantane til å stemme den eine eller andre vegen gjennom partiprogrammet sitt.

    Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har i sitt høyringssvar til saka, fråråda at ein gondol opp på Sulafjellet vert bygga.

    Turid Humlen er høyres ordførerkandidat i Sula kommune i 2023.
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Sier nei til gondol på Sula

    Statsforvalteren sier klart nei til en gondol på Sulafjellet. Det skriver Sunnmørsposten.

    – Ut fra hensynet til folkehelse, gode bomiljø og god bokvalitet, fraråder vi at det blir regulert trasé for gondol over eksisterende boligområde, omsorgsboliger og offentlig friområde.

    Det kommer fram i Statsforvaltaren sitt høringsutspill til områdeplanen for Sulafjellet, skriver avisa.

    Statsforvalteren synes også at Sulafjellet har særskilte kvaliteter når det kommer til urørt natur og friluftsliv, noe de mener blir vesentlig redusert med ei utbygging.

    10. november går den utsatte fristen til høringsutspill ut. Fylkeskommunen ønsket utsatt frist, men nå er Statsforvaltaren sitt svar klart.

    Illustrasjon av Sula gondol toppstasjon
    Foto: Snøhetta/ Sula gondol