For å spare pengar vil kommuneadministrasjonen legge ned aldersheimen og flytte bebuarane til Bremsnes. Forslaget har sett mange sinn i kok den siste tida, og frustrasjonen kom til uttrykk på folkemøtet på Øytun i går kveld.
Godtar ikkje nedlegging
Kari Langøy, som er med i aksjonskomiteen som Langøy Vel har oppretta for å ta vare på aldersheimen, seier innbyggarane ikkje godtar ei nedlegging. Det er viktig å behalde aldersheimen i det nærmiljøet han høyrer til, seier Langøy.
(Ill.foto)
– Eg har enno til gode å høyre nokon gode argument for å bryte opp det gode miljøet som er her på Langøya aldersheim. Det står i grunn igjen med berre det økonomiske, og det er trist, seier ho.
Håper på løysing
Politikarane i Averøy skal behandle denne saka i kommunestyret i neste veke. Kari Langøy håper på ei løysing som ikkje betyr stenging og nedlegging. Ho håper politikarane lyttar til folket når dei skal avgjere saka i neste veke.