Hopp til innhold

Trur veksten på Vestbase vil flate ut

Etter fleire år med vekst i oljenæringa har fleire selskap den siste tida meldt om oppseiingar. På Vestbase trur dei no på ei utflating av aktiviteten.

Vestbase

Trass oppseiingar i næringa trur leiinga ved Vestbase i Kristiansund aktiviteten vil halde seg på same nivå som i dag.

Foto: Harald M. Valderhaug

Viseadministrerande direktør ved Vestbase Svein Silseth

Viseadministrerande direktør ved Vestbase, Svein Silseth.

Foto: Lisa Blakstad Dahl

I heile lande ter det venta at så mykje som 10 000 arbeidsplassar på boreriggar kan forsvinne neste år. Endringa vil bli merkbar for mange selskap innan oljenæringa, men på Vestbase i Kristiansund trur dei meir på ei utflating enn ein nedgang.

– Slik vi ser det trur vi aktiviteten i 2015 vil ligge om lag på same nivå som i år, det seier viseadministrerande direktør Svein Silseth til NRK.

Uroleg ordførar

I tillegg til boreriggane har fleire serviceselskap sagt opp tilsette dei siste månadene, mellom dei Abel og Aker. Ordførar Per Kristian Øyen i Kristiansund seier han er uroleg for at bransjen kan bli mindre attraktiv.

Per Kristian Øyen

Ordførar Per Kristian Øyen (Ap) trur aktiviteten vil ta seg opp att.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det som er viktig no er å behalde kompetansen i regionen og ikkje snakke ned bransjen, seier han.

Han meiner det er viktig å unngå at færre utdannar seg og søkjer jobb innan oljenæringane, slik at næringa på sikt får vanskar med rekrutteringa.

– Eg trur vi berre må gjennom denne perioden no, og så får vi håpe at aktivitetsnivået er så høgt at dei som blir sagt opp får seg jobbar i andre selskap, seier Øyen.

Ser positivt på framtida

Også Silseth trur nedgangsperioden vil bli erstatta av ny optimisme.

Vi ser at vi kjem til å få auka aktivitet i samband med utbygginga av røyrleidninga Polarled som skal gå frå Nyhamna til Aasta Hansteen-feltet. Så vi ser positivt på framtida, særleg innanfor sub sea-segmentet, seier Sileth.