Webjørn Brogstad (Foto: NRK)
Brogstad avviser at kommunen kan spare pengar, og får støtte frå Landslaget for nærmiljøskulen. Ved å ta omsyn til samfunnsutgifter har FAU kome til at kommunen i staden taper 3,6 millionar kroner på ei nedlegging.
Kjempar mot nedlegging
Skarbøvik barneskole er foreslått nedlagt frå 1. august 2006. Dermed kan dei 57 elevane i 1-3 klasse bli flytta til Aspøy skole tre kilometer unna. FAU kjempar med nebb og klør for å hindre politikarane i å legge ned skulen, og no har dei fått reknehjelp.
– Auka samfunnsutgifter
Gunnar Skjølberg er med i landslaget for nærmiljøskolen og til dagleg skulesjef i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane. Han har utvikla eit rekneark som viser at det ikkje løner seg å legge ned skular, og meiner det samla sett vil bli auka samfunnsmessige utgifter ved å legge ned Skarbøvik barneskole. Når elevane skal overtakast av ein annan skule blir det tilleggsutgifter for kommunen, fylkeskommunen og foreldra, seier Skjølberg.
Tapet han kom til var på nesten 800.000 kroner. FAU har rekna vidare på det og kome til 3,6 millionar, mellom anna på grunn av auka skyssutgifter og timetal.
Kommunen hevdar også at skulen må byggjast ut for 20 millionar kroner. FAU meiner 9 millionar er nok. Neste måndag skal dei legge fram reknestykket for kommunen, og dei håper å bli høyrde.