Hopp til innhold

– Stuptrøtt, men kjempefornøgd

Med berre noko få timars søvn sidan fredag kom Eline Stette Tennfjord i mål i Femundløpet søndag kveld. Då hadde ho og hundane lagt bak seg 40 mil.

Eline Stette Tennfjord

Søndag kveld var Eline Stette Tennfjord i mål - trøtt men fornøgd.

Foto: Femundløpet

Ho fortel at det gjekk mykje betre enn venta. Av 90 startande blei ho nummer 29.

– Målet var å kome på øvre halvdel av resultatlista, og det klarte eg med glans, så eg er berre glad!

Eline Stette Tennfjord fekk signal undervegs på at det gjekk bra, for på to av sjekkpunkta var ho på plass før berekna tid.

Det røyna på

Stort sett gjekk det greitt heile vegen, men ho vedgår at ho blei skikkeleg trøytt undervegs, og naturleg nok mot slutten av Femundløpet.

– Men eg fekk meg ein kveik då mamma gav meg noko energigele eller noko som eg trykte i meg.

Hundane var i fokus for Eline Stette Tennfjord

Eline Stette Tennfjord var mest opptatt av korleis hundane hadde det.

Foto: Femundløpet

På siste etappe var det ein del vind, men då ho etter kvart fekk den i ryggen gjekk det greitt. Litt av den vakre naturen, med blåtimen og solnedgangar har ho fått med seg.

Hundane i fokus

Det var vakkert, men for det meste står eg og konsentrerer meg om løpet, og ikkje minst tenkjer eg på korleis hundane har det, fortel 19-åringen.

No har både ho og støtteapparatet fått blod på tann, og etter litt søvn og avslapping gjer nok både ho og hundane seg klare til nye løp.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL